25 millionar til karriererettleiing på nett

Regjeringa vil løyve 25 millionar kroner til Kompetanse Noreg for å utvikle ei digital karriereretteleiingsteneste for heile landet.

Forsiden av Stortingsproposisjon nr. 1

Karriererettleiing er viktig for å bidra til omstilling, for å unngå feilval og fråfall, og for å nytte ressursane i samfunnet betre. Den nye tenesta skal gi digital rettleiing og betre tilgang på informasjon for brukarar og rådgivarar, gjennom å nytte ressursane i dei etablerte karrieresentera i fylka.

Kompetanse Noreg skal i 2018 etablere eit kraftsentrum for karriererettleiing i Tromsø, samlokalisert med det eksisterande fagmiljøet rundt nett-tenesta utdanning.no. Satsinga på digital karriererettleiing i forslaget til statsbudsjettet for 2018 styrkar dette arbeidet ytterlegare.

Ei tillitserklæring

– Oppdraget med å utvikle ei slik digital karriererettleiingsteneste ser vi på som ei stor tillitserklæring. Karriererettleiing er eit sentralt verkemiddel i den samla kompetansepolitikken, og bidrar til at fleire kan ta gode val om utdanning og arbeid, seier Kompetanse Noreg-direktør Gina Lund.

Kompetanse Noreg jobbar for at alle skal ha lik tilgang til karriererettleiing. Både denne satsinga spesielt og statsbudsjettet i heilskap, viser at kompetansepolitikken er ei satsing for denne regjeringa.

Budsjettforslaget for Kunnskapsdepartementet finner du her (pdf)