17 millionar ekstra til ikt-opplæring for vaksne

PC-tastatur

Mange slit med ikt-oppgåver på jobben. No kjem det 17 millionar ferske kroner i potten for opplæring på arbeidsplassane.

Ekstraløyvinga i revidert budsjett er særleg meint å gå til å styrkje digitale ferdigheiter hos vaksne.

Vel 20 prosent av den norske arbeidsstyrken treng påfyll av ikt-kompetanse, viser OECD sin internasjonale undersøking av vaksne sine ferdigheiter, PIAAC.

– Jo flere oppgaver i arbeidslivet som blir overtatt av ikt og roboter, desto flinkere må vi bli til å jobbe sammen med maskinene. De fleste av oss må mestre bruk av ikt som et verktøy i jobben, seier Kompetanse Noreg-direktør Gina Lund.

Private og offentlege verksemder over heile landet kan søkje om opplæringsmidlar frå Kompetansepluss saman med kurstilbydarar.

Opplæring viktig på jobben

Hittil i 2017 har Kompetanse Noreg delt ut 180 millionar kroner gjennom Kompetansepluss (arbeid). I alt har 695 bedrifter fått stønad til å gi dei tilsette opplæring i lesing, skriving, rekning og data, eller til norsk- eller samiskopplæring.

Dokumentert effekt

Sida 2006 har meir enn 53 000 arbeidstakarar fått opplæring på jobben, og ordninga er utvida frå 14 millionar til nær 200 millionar kroner. I fjor blei også norskopplæring ein del av ordninga. Det er dokumentert at opplæringa fører til færre feil, betre rapportering og motiverte tilsette. I tillegg blir fleire tilsette rusta til å ta fagbrev.

Utlysning kjem

Regjeringa varsla om ekstrapengane i revidert nasjonalbudsjett, som finansminister Siv Jensen la fram torsdag 11. mai. Detaljar og endelege kriterier for tildelinga er ikkje klare. No startar arbeidet med utysninga. Søknadsfrist vert truleg en gång i august. Meir informasjon kjem.