– Verdsett kompetansen innvandrarane har med seg

Det er stadig større merksemd kring dei som ikkje kan norsk, eller lese og skrive i samfunnet vårt. Dette gjeld både i media, politisk og forskingsmessig. Men kva kan vi gjere for å motivere innvandrarar til å lære seg dette best mogleg?

fyrsteamanuensis Marte Monsen ved Høgskolen i Innlandet, fagsamling i Sandefjord
Fyrsteamanuensis Marte Monsen ved Høgskolen i Innlandet. (Foto: Helena Sæter, Kompetanse Norge).

Det var spørsmålet fyrsteamanuensis Marte Monsen ved Høgskolen i Innlandet stilte under si innleiing «Grunnleggende litterasitetsutvikling: Om kunnskaper, ressurser og tid». Innlegget blei halde på Kompetanse Noreg si fagsamling i Sandefjord 14.–16. november. Opplæring for innvandrarar med liten eller ingen skulegang var tema for samlinga.

Strenge krav bidreg ikkje til språkopplæring

Både indre og ytre motivasjon er viktig for å bli flink til å lese og skrive. Mange har sterk indre motivasjon til å lære seg eit nytt språk, til dømes viss dei har mange nye vener som dei ynskjer å kunne kommunisere med i eitt nytt land. På den andre sida burde inntektskrav til familiegjenforeining kunne vere ein sterk ytre motivasjon.

– Ein kunne tenkje seg at å få seg ein jobb, og tene nok pengar slik at ein på sikt kan få familien sin til Noreg, kunne motivere mange til å lære seg norsk. I praksis ser vi at dette ikkje er slik. For å lukkast med norskopplæring, lesing og skriving må ein ikkje berre sjå på motivasjonen til eit individ, seier Monsen.

Det har vore mykje leseopplæring i dei nordiske landa som ikkje alltid har vore like vellukka dei siste 20 åra. Forskinga viser at folk har fått for lite tid til å lære å lese og skrive. Innvandrarar har ofte for lite munnlege kunnskapar til å kunne knekke lesekoden. Dei treng også nok tid til å praktisere lesinga. Monsen viser til at lærarar er flinke til å ta i bruk visuelle materialar i undervisninga, men understrekar at dette ikkje må skje på ein slik måte at deltakarane kjenner seg infantilisert eller dumme.

Investering, identitet og språkopplæring

Motivasjon og investering er to omgrep som heng tett i hop når ein skal forklare kva utfordringar innvandrarar kan stå overfor når dei skal lære seg å lese norsk. Motivasjon fangar nemleg ikkje opp det komplekse forholdet mellom identitet, kulturell bakgrunn og språkopplæring.

– Språk er identitet, og vi er knytt til språka vi kan. Viss ein person kjem til eit nytt land der til dømes morsmålet ikkje kan brukast til noko som helst, ikkje ein gang til å lære eit nytt språk, vil personen kjenne seg verdilaus. Innvandrarar erfarer ofte at ulike språk har ulik verdi i samfunnet vårt. Innvandra minoritetsspråk har ofte låg status, medan engelsk og vestlege språk har høg verdi, forklarar Monsen.

– Verdsetting av kompetanse gjev investering

Kunnskapar, sosiale normer og kulturell bakgrunn avgjer dine moglegheiter til å kome deg fram i verda.

– Viss ein får oppleve at det ein har med seg ikkje er verdt noko, vil det føre til utanforskap og kanskje skepsis til den nye kulturen. For at deltakarane skal ha lyst til å investere i og bruke tid på å lære eit nytt språk, må dei kjenne at den kapitalen dei har med seg, altså sin eigen bakgrunn, eigner seg til å investere i det nye språket.

Betre utbyte med kartlegging

Innvandrarar som skal lære norsk er ei veldig samansett gruppe, med svært ulike erfaringar i ryggsekken. Det er derfor svært nyttig for både lærarar og norskelevar at kompetansen deira blir kartlagt på førehand.

– For dei som underviser, er det på den eine sida viktig å ta utgangspunkt i den språklege og kulturelle kapitalen elevane allereie har. På den andre sida må ein vere merksam på og ta omsyn til at dei har ein annan måte å ta til seg lærdom på enn folk som allereie kan lese og skrive.

Språkhjelparar, det vil sei personar med same morsmål, men som har kome lenger i si norskundervisning, er ei ordning som er til utprøving enkelte stadar i landet. Det finnest ikkje så mykje forsking på området i dag, men det kan tyde på at språkhjelparar kan ha positiv effekt i opplæringa.

– Dette kan vere nyttig både for norskelevar og språkhjelparane. Sistnemnte utviklar språket sitt ved å hjelpe andre. Men vi treng meir kunnskap om dette. Heldigvis er det pågåande forsking i dag på korleis språkhjelparar nyttast i undervisninga.

For å kunne få betre oversikt over kva tiltak som kan gje best effekt for personar som skal lære å lese og skrive norsk i framtida, ynskjer Monsen seg meir forsking på temaet.

– Per i dag finnast det for lite forsking på området. Vi treng både å forske meir på litterasitetsutvikling, samt å systematisere meir den forskinga vi har per i dag, avsluttar Monsen.