Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Nokre prøvestader er stengd på grunn av covid-19. Prøvestaden din vil kontakte deg på SMS og e-post, for å gi deg meir informasjon. Få svar på dei vanlegaste spørsmåla om prøvene.

Resultat norskprøven sommer blir sendt frå tysdag 22. juni 2021 på e-post og prøvebeviset kommer i posten.

Dersom du ikkje har fått resultatet, kan du ta kontakt med prøvestaden (der du tok prøven). Sjekk om dei har rett e-postadresse og postadresse.Be dei sende karakterutskriften på e-post.

På Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå er det to moglege resultat:

  • C1
  • Ikkje bestått

Du kan ikkje få B2, B1, A2 eller A1 på denne prøven. Dersom du ønskjer å kunne bli vurdert på fleire nivå, bør du heller ta Norskprøven på nivå A1 – B2.
 
Du får resultatet som karakterutskrift på e-post og prøvebevis i posten. Prøvebeviset kan ta nokre ekstra dagar på grunn av forseinkingar i posten. 

Er du registrert med fødselsnummer i Kompetanse Noreg sitt prøvesystem, kan du bruke ID-porten til å logge inn i Vitnemålsportalen. 

I Vitnemålsportalen kan du sjå dei siste og beste resultata dine på norskprøven, samfunnskunnskapsprøven, og Statsborgarprøven. Du kan óg dele resultata dine på ein trygg måte med andre.   

Kva er Vitnemålsportalen? 

Vitnemålsportalen er ein sikker teneste du kan bruke for å dele resultata dine frå prøvar og andre eksamenar. Du kan bruke Vitnemålsportalen til å sende ei lenke med resultata dine til for eksempel studiestader og arbeidsgjevarar. Du logger deg inn gjennom ID-porten. Då treng du MinID, BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides.  


Søkjer du opptak til høgare utdanning? 

Om du søkjer opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, må du sende lenka til deg sjølv, og laste ned det signerte PDF-dokumentet. Dette dokumentet må du laste opp i Samordna opptak sine sider når du søkjer.  

Kan du ikkje sjå resultata dine i Vitnemålsportalen? 

Kan du ikkje sjå resultata dine i Vitnemålsportalen og du er registrert med fødselsnummer i Kompetanse Norges prøvesystem, må du kontakte prøvestaden din.  

Prøvestaden kan sjekke om fødselsnummeret ditt er registrert på det kandidatnummeret du brukte då du tok prøven. Har du ikkje registrert fødselsnummeret ditt, kan du ikkje sjå resultata dine i Vitnemålsportalen. Då må du bruke prøvebeviset som blir skrive ut frå prøvestaden og sendt til deg i posten.  

Er dette det same som Min side? 

Vitnemålsportalen er ikkje det same som Min side. Min side viser berre resultata dine frå Kompetanse Noreg sine prøvar. Du kan ikkje bruke Min side for å dele resultata dine til for eksempel arbeidsgjevarar. 

På Min side kan du sjå resultat frå prøvane dine når dei er klare, og du kan få meir informasjon om vurdering av prøven. Du må registrere e-postadresse for å få tilgjenge til Min side. Du kan òg sjekke og eventuelt endre kontaktinformasjon her.  

Får du ikkje logga inn, ta kontakt med prøvestaden.  

Prøvebeviset fortel kva nivå du har oppnådd. 
Treng du nytt prøvebevis? Då må du kontakte prøvestaden og be om kopi av prøvebeviset. 

Skal du klage?

Alle som søkjer opptak til høgare utdanning, må innfri språkkrav i norsk.

Dersom du skal søkje opptak til høgare utdanning, kan du bruke resultat frå norskprøvane for å dokumentere norskferdigheitene dine.

Kravet for norskferdigheiter for opptak til høgare utdanning er i dag minimum nivå B2 i alle delferdigheiter av Norskprøven (leseforståing, lytteforståing, skriftleg framstilling og munnleg kommunikasjon). Det vil seie at norskprøven med resultat B2 på alle delprøvar vil dekke kravet.

Du kan òg dekke kravet med å ta Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå. Prøven på C1-nivå har to delprøvar, og kvar delprøve måler to ferdigheiter.  Resultat «C1» på begge delprøvar betyr dermed at du har oppnådd C1-nivå i alle fire ferdigheiter. Dersom du berre har éin delprøve med resultat C1, har du oppnådd C1-nivå i berre to ferdigheiter. Du må då ha resultat B2 frå norskprøven i dei to andre ferdigheitene for å dekkje kravet om minst B2 i alle fire ferdigheiter.