Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Kva er Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå?

Kven passer prøven for?

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå er ein prøve på eit svært høgt nivå. Prøven inneheld berre oppgåver som måler på C1-nivået, og ein får anten C1 eller Ikkje bestått på prøven.

Vi vil råde deg til at du snakkar med ein lærar som kjenner dei høgste nivåa godt for å finne det rette prøvenivået for deg.

Du kan òg ta ein rettleiingstest, som gir ei tilråding om prøvenivå.

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå har to delprøvar:

Illustrasjon av en kvinne sitter foran en pc med hodetelefoner

  • Delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling
    Varigheit på 2.5 timar.
Illustrasjon av en mann og en kvinne snakker sammen
  • Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon
    Varigheit: 30 minutt til å førebu seg og 10–25 minutt tid til eksaminasjon.

Prøven inneheld berre oppgåver som måler på nivå C1.

I begge delprøvane er det nokre oppgåver som måler fleire ferdigheiter samtidig.

Om delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling

Delprøven har to oppgåver, og du tar heile prøven på pc.

I oppgåve 1 får du høyre ein lengre samtale mellom ein mann og ei kvinne. Du får høyre samtalen to gonger, og du vel sjølv når du vil begynne å høyre på samtalen.

Etter at du har høyrt samtalen éin gong, vil det vere ein pause på eitt minutt før du får høyre samtalen ein gong til. Du skal skrive ei oppsummering av innhaldet i samtalen, slik at ein som ikkje har høyrt samtalen, kan få eit klart inntrykk av kva personane meiner. Du skal skrive ein samanhengande tekst (ikkje punkt). Du skal ikkje skrive meir enn 350 ord.

Oppgåve 2 er ei rein skriftleg oppgåve. Du får velje mellom to ulike oppgåver. Du får presentert ei problemstilling i oppgåvene. I det skriftlege svaret ditt skal du presentere saka kort, ta stilling til spørsmålet og argumentere for ditt syn. Du skal skrive mellom 300 og 400 ord.

Du har til saman to og ein halv time på å gjere oppgåvene. Hugs å lese informasjonen og instruksjonen til oppgåvene nøye. Her vil du finne meir informasjon om korleis du skal løyse oppgåvene.

Du kan

Om delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon

I den første delen skal du lese tre tekstar på pc eller papir og førebu svar på to av dei tre oppgåvene du skal snakke om når du kjem inn til eksaminator. Du har 30 minutt til saman på å lese og førebu deg.

Hugs å lese informasjonen og instruksjonen til oppgåvene nøye. Her vil du finne meir informasjon om korleis du skal løyse oppgåvene. Du kan notere på eit ark du får utdelt av prøveleiar, når du skal førebu svar på oppgåvene.

Oppgåve 1: Du skal lese tekst 1 og førebu deg på å samanfatte teksten munnleg. Oppsummeringa skal ta omtrent 5 minutt.

Oppgåve 2: Du skal lese tekst 2 og 3 og førebu ein kort presentasjon av synspunkta som kjem fram i desse tekstene. Du skal deretter kunne seie kven du er mest einig med og argumentere for ditt syn. Du kan snakke i omtrent 5 minutt.

Den andre delen av prøven er den munnlege eksaminasjonen.

Etter at du har lese tekstane og førebudd svar på oppgåvene, blir du kalla inn til ein eksaminator (prøveleiar). Der skal du presentere svara du har førebudd på dei to første oppgåvene.Du kan bruke tekstane og notatarket ditt når du presenterer svara dine, men hugs at det skal vere ein munnleg presentasjon, og ikkje ei opplesing.

Oppgåve 3: Etter at du har svart på oppgåve 1 og 2, vil du få ei tredje oppgåve av eksaminator. Dette er ei rein munnleg oppgåve. Her får du høyre ein påstand, som du skal seie om du er einig eller ueinig i, og argumentere for ditt syn.

Du tar prøven åleine og ikkje saman med ein annan kandidat. Det er ingen sensor til stades på den munnlege prøven. Eksaminator gjer lydopptak av eksaminasjonen, og Kompetanse Norges faste sensorar høyrer på lydopptaket i ettertid og vurderer prøven din.

Du kan:

Illustrasjon som viser nivåene fra A1 til C1 som trappetrinn

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå skal måle det nest høgaste nivået på skalaen til Det felles europeiske rammeverket for språk. Skalaen har seks steg, der A1 og A2 høyrer innunder det som blir rekna som basisnivå, B1 og B2 blir kalla sjølvstendige nivå, og C1 og C2 utgjer det som blir kalla avansert nivå.  

Illustrasjon som beskriver nivåene fra A1-A2 (basisbruker), B1-B2 (selvstendig bruker), C1-C2 (avansert bruker)

Figur henta frå «Det felles europeiske rammeverket for språk: Læring, undervisning, vurdering». Utdanningsdirektoratet, 2011. 

Kvart enkelt nivå har i tillegg fått ein «merkelapp» som skal beskrive nivået. C1 har fått merkelappen «Effektiv språkbruk» og blir beskrive som «eit avansert kompetansenivå som krevst for meir komplekse studieoppgåver og arbeid».  

C1 – eit svært høgt språknivå 

Det er B2, nivået under C1, som krevst for opptak til høgare studiar. På B2-nivået har ein oppnådd ein ny grad av språkleg medvit og ei betre oversikt over eigen språklæring og eigne feil. Ein er i stand til å oppklare misforståingar, omformulere seg og planleggje kva ein vil seie og korleis. Ein kan hevde seg godt i sosial omgang og argumentere effektivt for sitt syn.  

Med andre ord er B2-nivået eit høgt nivå, og over dette igjen, finn vi altså C1. C1 er likevel ikkje eit nivå der ein meistrar språket fullt ut. Det vil framleis vere enkelte glipp i språket, men det er eit så høgt nivå at ein kan bruke språket uanstrengt og effektivt i dei fleste situasjonar. Ein kan uttrykkje seg flytande og spontant utan at det er særleg merkbart at ein leitar etter uttrykksmåtar, og ein kan bruke språket fleksibelt og hensiktsmessig til sosiale, akademiske og yrkesrelaterte formål.  

Kva kan ein gjere på C1-nivået? 

På C1-nivå kan ein forstå eit breitt spekter av lengre, krevjande tekstar og oppfatte bodskap som ikkje er direkte uttrykt. Ein kan skrive klare, velstrukturerte og detaljerte tekstar om komplekse emne og vise at ein meistrar ulike setningsmønster, bindeord og samanbindande markørar.

På C1 kan ein òg bruke språket munnleg og skriftleg til kognitivt krevjande oppgåver som å omarbeide, samanfatte og vidareformidle informasjon på ein presis og formålstenleg måte.  
 

Prøven måler språkferdigheiter på nivå C1. Den inneheld ikkje oppgåver på andre nivå, og det er derfor ikkje mogleg å få B2 eller eit anna, lågare nivå på prøven – du får anten C1 eller ikkje bestått på prøven. 

C1 er eit svært høgt nivå. Det er ikkje slik at alle som lærer eit språk, vil klare å nå dei høgaste nivåa. Innhaldet i C1-prøven er basert på aktivitetar og språkhandlingar som er vanlege innafor akademia og andre arenaer med svært høge krav til språkferdigheiter. Dermed er det er òg slik at oppgåvene i prøven på C1 er komplekse og kognitivt krevjande. 

Nokre av oppgåvene måler berre skriving eller berre munnleg kommunikasjon, mens andre oppgåver måler fleire ting samtidig. Då må ein bruke reseptive ferdigheiter (lesing eller lytting) saman med produktive ferdigheiter (snakking eller skriving) for å vidareformidle noko. Dette set høge krav til både språkferdigheiter og konsentrasjon. I tillegg er det slik at C1-prøven har få, men omfattande oppgåver.  
 
Vil du vite korleis prøvane blir vurderte, sjå vurderingsskjema her: 

Ønskjer du å øve på prøvane? (eksempeloppgåver)

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå måler berre C1-nivået, og dersom du ikkje klarer oppgåvene på prøven, får du ikkje noko resultat.

Det er inga god oppleving å ta ein prøve som er for vanskeleg, og vi rår deg til å snakke med ein lærar som kjenner dei høgaste nivåa godt, for å rettleie deg om kva for eit prøvenivå som er det rette for deg. 

Du kan òg ta en rettleiingstest, som gir tilråding om prøvenivå
Midlertidig teknisk feil: Resultatet i rettleiingstesten vil bli feil dersom du slettar bokstavar i lukene utan å fylle inn på nytt.

Eit av krava for opptak til høgare utdanning i Noreg er dokumenterte ferdigheiter i norsk på nivå B2 for alle delprøvar.

Prøven kan bli tilpassa eller tilrettelagt på ulike måtar. 

Du kan justere lyd på høyretelefonane og skriftstorleik i prøven på datamaskinen du bruker på prøvestaden. Dette treng du ikkje å søkje om på førehand. Du kan øve på prøvane for å finne ut korleis dette verkar på førehand. På delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon kan du få utskrift av lesetekstane på papir. 

Ser eller høyrer du dårleg, må du søkje til prøvestaden din om å få ta ein tilrettelagt prøve for synshemma eller høyrselshemma. 

Har du dysleksi, talevanskar eller traumeproblematikk, kan du òg ha rett til tilrettelegging av prøven. 

Du må kontakte prøvestaden din raskast mogleg, men seinast tre dagar etter at du melde deg på prøven. 

Du må ha ei fråsegn frå lege, psykolog, pp-teneste eller logoped. Dette legg du ved søknaden om tilrettelegging. 

Tilrettelegging kan for eksempel vere ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven. 

Juks

Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som juks. Her er nokre døme på juks:

  • bruk av internett, elektroniske hjelpemiddel, smartbriller, smartklokke og mobiltelefon
  • bruk av andre dataprogram enn prøvesystemet (til dømes Word, Notisblokk)
  • kopiering av heile eller delar av svaret frå andre
  • bruk av falsk legitimasjon
  • bruk av ordbok eller notat
  • kommunikasjon med andre enn dei tilsette ved prøvestaden mens prøven blir gjennomført

Juks eller forsøk på juks kan føre til

  • at du må forlate lokalet
  • at du ikkje får prøvebevis for nokon av delprøvane du har tatt i denne prøveperioden (gjeld skriftleg og munnleg norskprøve)
  • at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
  • at du må betale for prøven neste gong du tar han

Arbeidet ditt under delprøven i skriftleg framstilling vil bli loggført.

Vi kan finne ut at du juksar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.

Dersom du blir teken for å jukse, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket til kommunen.

Plagiat/kopiering

Tekstane du skriv på delprøven i skriftleg framstilling, skal vere ditt eige arbeid.

Kopiering og plagiat er ikkje lov.

Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, til dømes henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst. Det gjeld óg om du har lært deg tekst utanatt og brukar det i prøven din. Dersom du blir teken i plagiat, får du ikkje resultat på delprøven.

Forfalsking av prøvebevis

Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.