Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Du kan melde deg på prøven om: 44 dagar

Kven passar prøven for? 

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå er ein prøve på eit svært høgt nivå. Prøven inneheld berre oppgåver som måler på C1-nivået, og ein får anten C1 eller ikkje bestått på prøven.  
 
Vi vil råde deg til at du snakkar med ein lærar som kjenner dei høgste nivåa godt for å finne det rette prøvenivået for deg. Du kan òg ta ein rettleiingstest, som gir ei tilråding om prøvenivå.

Ta rettleiingstesten

Informasjon om påmelding 

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå består av to delprøvar: 

  • Delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling 
  • Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon 

Du vel sjølv om du vil melde deg på begge delprøvane samtidig eller berre éin av dei. Det er ikkje lov å melde seg på same delprøve to gonger i same prøveperiode, men du kan melde deg på eit anna nivå av norskprøven, i tillegg til Norskprøven C1. 

Påmeldinga er bindande. 

Det er viktig at du fullfører heile påmeldinga. Du vel korleis du betaler for prøven. Du er påmeld når du har fått ei stadfesting på sms og e-post. 

Pass på at du er registrert med rett adresse. Har du flytta og fått ny adresse, må du seie ifrå til prøvestaden.  

Kven kan ta prøven?

Fleire prøvestader arrangerer prøven berre for dei som har folkeregistrert adresse i kommunen. Dersom du vil ta prøven i ein annan kommune enn den du bur i, må du sjekke med prøvestaden om du får melde deg opp der. Det same gjeld om du er busett i utlandet. Då må du sjekke med ein prøvestad i ein kommune om du kan ta prøven hos dei. Dette må du gjere FØR du melder deg opp til prøven. Elles kan du misse plassen. 

Prøven blir ikkje arrangert i utlandet. 

Dersom du har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk, kan du ta alle delprøvane gratis éin gong. Det er prøvestaden som melder deg opp til gratis prøve.

Dersom du ikkje har rett til gratis opplæring, må du betale for prøven.
Tek du prøven på nytt, må du betale for han.

Du må melde deg opp til prøven sjølv. Det gjer du øvst på denne sida når påmeldinga er open.

Kva kostar prøven? 

Kommunen bestemmer kva prøven skal koste. Du finn dei rette prisane i påmeldingsportalen. 

Du kan òg ta kontakt med prøvestaden for å få vite kva prøvane kostar hos dei. 

Det er prøvestadene som har ansvar for betalinga. Vanlege måtar å betale på er med bankkort/Vipps (når du fyller ut skjemaet i påmeldingsportalen), i nettbank, med faktura eller etter annan avtale med prøvestaden.

Påmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt. 

Når kjem innkallinga til prøven? 

Du vil få innkallingsbrev/-e-post frå prøvestaden to veker før du skal ta prøven. I brevet får du vite dato, klokkeslett og staden du skal møte til prøven. Dei to delprøvane på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå kan vere på to forskjellige datoar, men dei kan òg vere på same dag. 

Har du spørsmål om dato for prøven din, må du kontakte prøvestaden din. 

Kan du ikkje ta prøven? 

Påmeldinga til prøvane er bindande. Det betyr at når du melder deg på prøven, må du betale for han sjølv om du ikkje kan ta han. Har du sjukemelding, kan du ta prøven seinare utan å betale ein gong til. 

Har du rett til éin gratis prøve, men kan ikkje ta prøven, må du betale for neste prøve. Sjukemelding er gyldig fråvær, og du kan ta prøven seinare utan å betale igjen. 

Dersom du skal melde deg AV prøven, må du ta kontakt med prøvestaden din. 

Ønskjer du å øve på prøvane? (eksempeloppgåver)