Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Nokre prøvestader er stengd på grunn av covid-19. Prøvestaden din vil kontakte deg på SMS og e-post, for å gi deg meir informasjon. Få svar på dei vanlegaste spørsmåla om prøvene.

Ønsker du å klage på resultatet?

Du kan klage på resultatet på både delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling og delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon.

Når du klagar, kan du få same resultat eller eit betre resultat.

For å klage på resultat

Fristen for å klage på resultat på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå er stengd, perioden var frå 22. juni til og med 20.juli.

Når får du svar på klagen?

Det tar 4–6 veker før du får svar på klage. Når det er mange klagar, vil det ta litt lengre tid.

Ønskjer du å klage på formelle feil ved prøven?

Formelle feil kan for eksempel vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt. Du må klage til prøvestaden. Klagefristen er tre veker etter at du tok prøven. Kontakt prøvestaden din.

Har du tenkt å melde deg opp til ny prøve før du har fått svar?

Får du eit betre resultat frå klagebehandlinga og ikkje vil ta prøven på nytt likevel? Du må likevel betale for prøven du har meldt deg på til.

Vil du vite meir om prøven?