Norskprøva

Informasjon til vaksne innvandrarar om norskprøva – her får du vite alt du treng for å melde deg opp og ta norskprøva.

Viktige datoar

Var frå 11. oktober til 20. oktober Påmelding for privatistar til prøve
27. november–8. desember Prøveperiode
11. januar 2018 Prøveresultat er klare
11. januar 2018 Prøvebevis for norskprøva vinter 2017 blir send i posten og karakterutskrift på e-post
12. februar 2018 Frist for å klage på resultat på delprøve i skriftlig framstilling

Viktige datoar for 2018

Viktige datoarNorskprøva vår
29. januar–2. februar Påmelding for norskprøva
5. mars–9. mars Prøveperiode
12. april Prøvebevis blir sendt i posten og karakterutskrift på e-post
9. mai

Frist for å klage på resultat på delprøve i skriftleg framstilling

 

Viktige datoarNorskprøva sommar
23. april–27. april Påmelding for norskprøva
22. mai–1.juni Prøveperiode
20. juni Prøvebevis blir sendt i posten og karakterutskrift på e-post
18. juli

Frist for å klage på resultat på delprøve i skriftleg framstilling

 

Viktige datoarNorskprøva vinter (2018/2019)
29. oktober–2. november Påmelding for norskprøva
26. november–6.desember Prøveperiode
10. januar 2019 Prøvebevis blir sendt i posten og karakterutskrift på e-post
11. februar 2019

Frist for å klage på resultat på delprøve i skriftleg framstilling

Meld deg på prøva

Påmelding til norskprøva er stengt.

I mange kommuner er det avgrensa kor mange kandidatar som får plass på prøven. Det er derfor lurt å melde seg opp tidleg i oppmeldingsperioden.

Prøven blir arrangert i alle fylke. Du kan sjølv velje prøvestad når du melder deg opp. Oppmelding til prøven er bindande. Du kan ikkje melde deg på norskprøva flere gonger i same prøveperiode. Du kan ikkje melde deg opp når oppmeldinga til prøven er stengd.

Kven kan melde seg opp til prøva?

Alle som ønskjer det, kan melde seg opp til prøven.

Dersom du har rett til gratis opplæring i norsk, har du rett til å ta alle delprøvane gratis ein gong. Du må kontakte vaksenopplæringssenteret der du bur for å melde deg opp til gratis prøve.

Dersom du ikkje har rett til gratis opplæring i norsk, eller du har teke prøven før, må du betale ei prøveavgift for å ta prøven. Dersom du skal betale sjølv, må du melde deg opp til prøven på denne sida når oppmeldinga er open.

Dersom du lurer på om det er obligatorisk for deg å ta prøven, kan du lese meir om det på IMDi sine nettsider..

Dersom du lurer på om du har rett til gratis norskopplæring, kan du lese meir om det på IMDi sine nettsider..

Oppmelding til delar av prøva

Du kan velje om du vil melde deg opp til både munnleg og skriftleg norskprøve samtidig, eller berre til ein av dei. Dersom du skal ta skriftleg prøve fyrste gong, må du ta alle tre delprøvane: leseprøve, lytteprøve og skriveprøve. Dersom du har teke den skriftlege norskprøven på datamaskin før, kan du velje å ta berre ein eller fleire av delprøvane på nytt.

Når oppmeldinga er open, kan du sjå kva prøven kostar på dei forskjellige prøvestadene. Det er kvar enkelt kommune som fastset kva prøven skal koste.

Dersom du har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk, kan du ta prøven gratis ein gong. Dersom du ikkje har rett til gratis opplæring, må du betale for prøven. Du må også betale prøveavgift dersom du tek prøve eller delprøve på nytt. Les meir om dette under «oppmelding».

Tilrettelegging av prøva

Lokal tilpassing av prøva

Du kan justere lyd på høyretelefonane og skriftstorleik i prøven på datamaskina du bruker på prøvestaden. Dette treng du ikkje å søkje om på førehand. Du kan bruke eksempelprøvane for å finne ut korleis desse verkar.

Særskild tilrettelegging av prøven

Dersom du har behov for tilrettelegging av prøven, kan du søkje kommunen om dette. Du må kontakte prøvestaden din seinast tre kvardagar etter at påmeldinga til prøven er stengd. Du må ha ei melding frå lege, psykolog, pp-teneste eller logoped som du legg ved søknaden om tilrettelegging. Tilrettelegging kan for eksempel vere ekstra tid, at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven, eller at du får ta munnleg prøve utan medkandidat. Kommunen kan hjelpe deg dersom du ønskjer å søkje om særskild tilrettelegging av prøven. Sjå prøvereglementet punkt 3.4 for meir informasjon.

Behov for ein annan prøve

Dersom du har ei syns- eller høyrslehemming som gjer at du ikkje kan ta den vanlege prøven, kan du søkje om å få ta ein tilrettelagd prøve for synshemma eller teiknspråkbrukarar.

Prøve for synshemma kandidatar

Dersom du er blind eller sterkt synshemma og ønskjer å ta ein prøve for synshemma, må du søkje om særskild tilrettelegging av prøven til kommunen. Du må også ta kontakt med Kompetanse Noreg på e-post tilrettelegging@kompetansenorge.no. innan fristen for privatistoppmelding. Kompetanse Noreg vil ta kontakt med deg for å finne ut kva slags prøve og tilrettelegging du har behov for.

Prøve for teiknspråkbrukarar

Dersom du ønskjer å ta prøvar for teiknspråkbrukarar, må du søkje om særskild tilrettelegging av prøven til kommunen. Du må også ta kontakt med Kompetanse Noreg på e-post tilrettelegging@kompetansenorge.no innan fristen for privatistoppmelding.

Sjå prøve for teiknspråkbrukarar for meir informasjon og eksempelprøvar.

Nivåa i prøva

Du må velje nivå A1–A2, nivå A2–B1 eller nivå B1–B2 når du melder deg opp. Du kan få hjelp til å velje nivå.

  • Nivå A1 tilsvarer den gamle Norskprøve 1
  • Nivå A2 tilsvarer den gamle Norskprøve 2
  • Nivå B1 tilsvarer den gamle Norskprøve 3
  • Nivå B2 gir grunnlag for opptak til høgare utdanning.

Eit av krava for opptak til høgare utdanning i Noreg er dokumenterte ferdigheiter i norsk på nivå B2.

Om prøva

Norskprøva er ein skriftleg og ein munnleg prøve.

Den skriftlege prøva har tre delar:

  • lytteprøve (25–50 minutt)
  • leseprøve (75 minutt)
  • skriveprøve (90 minutt)

Sjå eksempeloppgåver for skriftleg prøve for å få vite korleis dei ulike oppgåvetypane er.

Delprøvene i lytt og les er adaptive. Det betyr at oppgåvene på prøvene tilpassar seg det språklege nivået du er på. Talet på oppgåver du får vil variere ut frå svara du gir. Jo fleire riktige svar, jo fleire og vanskelegare oppgåver får du. I tillegg vil delprøva i lytting bli lenger jo fleire riktige svar du får.

Den munnlege prøva er delt inn i ein samtaledel og ein individuell del. Du må velje nivå A1–A2, nivå A2–B1 eller nivå B1–B2 når du melder deg opp. Den munnlege prøva varer i 20 til 30 minutt.

Sjå på eksempeloppgåver for munnleg prøve (pdf) for å få vite korleis dei ulike oppgåvetypane er.

Prøvedato og innkalling til prøve

Sjå tabellen øvst på sida for å finne ut når neste moglegheit til å melde deg på prøven er.

Du vil få innkallingsbrev frå prøvestaden seinast to veker før du skal ta prøven. I brevet står det informasjon om dato, klokkeslett og stad du skal møte til prøven. Det er vanleg at skriftleg prøve og munnleg prøve blir gjennomførde på to forskjellige datoar.

Dersom du har spørsmål om prøvedatoen din, må du kontakte prøvestaden.

Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk.

Eksempel på fusk kan vere

  • bruk av internett, elektroniske hjelpemiddel eller mobiltelefon
  • bruk av andre dataprogram enn prøvesystemet (f.eks. Word, Notisblokk)
  • kopiering av heile eller delar av oppgåvesvara frå andre
  • bruk av falsk legitimasjon
  • bruk av ordbok eller medbringa notat
  • kommunikasjon med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa

Fusk, eller forsøk på fusk, fører til at

  • du blir vist bort frå lokalet
  • du ikkje får prøvebevis for nokon av delprøvane du har teke i denne prøveperioden (dette gjeld både skriftleg og munnleg)
  • du ikkje kan ta prøva igjen før neste gjennomføring
  • du må betale prøveavgift når du skal ta prøven neste gong

Ditt arbeid under delprøve i skriftleg framstilling (norskprøven) vil bli loggført.

Fusk kan bli avdekt under prøven, etter prøven eller under sensurering av oppgåvesvara.

Dersom du blir teken eller mistenkt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket til kommunen.

Plagiat

Tekstane du skriv på delprøve i skriftleg framstilling (norskprøven) skal vere ditt eige arbeid. Plagiat er ikkje tillate. Dersom du har brukt heile eller deler av andre sine tekstar (for eksempel frå internett, lærebøker eller frå medelevar) og framstilt det som eige arbeid, blir dette vurdert som plagiat, og du får ikkje ei vurdering av delprøven.

Forfalsking av prøveprov

Forfalsking av prøveprov er rekna som dokumentforfalsking og blir politimeld.

Resultat og prøvebevis

Prøvebevis kjem i posten

  • Dersom du har spørsmål om prøvebeviset, må du ta kontakt med prøvestaden.
  • Hugs å skrive riktig adresse når du melder deg på prøven.
  • Du får ikkje vite resultata dine før du får prøvebeviset.

Kva resultat kan eg få, og når kjem prøvebeviset?

PrøveResultatPrøvebevis kommer i posten etter cirka:
Norskprøva* under A1, A1, A2, B1, B2 6–8 uker
Samfunnskunnskapsprøven bestått eller ikke bestått 2–4 uker
Statsborgerprøven bestått eller ikke bestått 2–4 uker

*På norskprøva kan du få forskjellige resultat på kvar av delane i prøva. Dersom du har tatt prøva fleire gonger, er det det beste resultatet du har fått som står på prøvebeviset.

Hugs å ta vare på prøvebevisa!

Treng du nytt prøvebevis?

Dersom du tok ein prøve etter mars 2014 må du kontakte prøvestaden og be om kopi av prøvebeviset.

Dersom du tok ein prøve før mars 2014 kan du sende ein e-post til postmottak@kompetansenorge.nofor å få stadfesting på resultatet ditt. Du får svar innan tre veker. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å sende ut nytt prøvebevis.

E-posten må innehalde:

  • namn (har du endra namn må du leggje ved dokumentasjon)
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • fødselsdato (ikkje send heile fødselsnummeret ditt, berre fødselsdato)
  • kva prøve du tokn
  • når tok du prøven (årstall) 
  • kor du tok prøven

Klage på gjennomføring

Du kan klage på formelle feil ved prøva. Formelle feil kan for eksempel vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt. Du må klage til prøvestaden.

Klagefrist: tre veker etter at du tok prøva. 

Klage på resultatet

Du kan berre klage på resultatet på delprøve i skriftleg framstilling. Når du klagar, kan du få same, dårlegare eller betre resultat. Du kan ikkje klage på leseprøva, lytteprøva, eller på munnleg prøve.

Kandidatar som kan dokumentere at dei har søkt opptak til høgare utdanning, har krav på hurtigbehandling av klaga si. Vi behandlar klaga så raskt som mogleg, men vi kan ikkje garantere at vi rekkjer det før Samordna opptaks frist for ettersending av resultat 1. juli.

Klagefrist: tre veker etter at du fekk prøveresultatet

Skjema for å klage på resultatet

Hvis klagen inneheld sensitive eller fortrulege opplysingar, må du sende skriftleg klage per post i staden for å bruke klageskjema. Send klagen til:

Kompetanse Noreg
Rådhusgata 2
5014 Bergen

Klagen må innehelde:

  • kandidatnummer
  • namn
  • adresse
  • fødselsdato
  • e-postadresse
  • telefonnummer
  • kva prøve du tok
  • prøvestad
  • kvifor du klagar