NIFU-notat: «Råd og sekretariat i fagskolesektoren»

NIFU har utarbeidt eit diskusjonsnotat for bruk i arbeidet med fagleg koordinering og framtidig organisering i fagskolesektoren.

Nasjonalt fagskoleråd arbeider for tida med fagleg koordinering og framtidig organisering av fagskolesektoren, eit oppdrag dei har fått fra Kunnskapsdepartementet. I den forbindelsen har NIFU utarbeidt eit diskusjonsnotat som særleg ser på forholdet mellom Nasjonalt fagskoleråd og dei faglege utvala i sektoren og plasseringa av sekretariatet.

Notatet presenter korleis sekretariatet og rådsstrukturen er i andre delar av utdanningssektoren, høvevis SRY for fag- og yrkesopplæringa, UHR for universitets- og høgskolesektoren. I tillegg presenterer notatet Mesterbrev og sekretariatet for mesterbrevordninga som ein mogleg samarbeidspartnar.

Notatet konkluderer ikkje, men er meint å vere eit grunnlag i det vidare arbeidet.  

Les notatet til NIFU her