Tilskot til læremiddel på nynorsk

Vox lyser ut middel til utvikling og produksjon av læremiddel på nynorsk og/eller til omsetjing av læremiddel til nynorsk.

Læremidla skal utviklast i tråd med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Søknadsfrist er 1. september 2016.

Last ned søknadsskjema (Word)

Total ramme for tildeling av tilskot er 2 millionar kroner. Vox prioriterer innkomne søknader etter ei heilskapsvurdering dersom omsøkt sum er høgare enn årets ramme.

Om ordninga

Mål

Tilskotsordninga skal sørgje for at det blir utvikla og produsert læremiddel på begge målformer innanfor opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar der det ikkje er grunnlag for kommersiell utgiving.

Tilskotsmottakar

Tilskotsmottakar er forlag og andre som produserer læremiddel.

Bakgrunn for kunngjeringa

Stortinget løyver kvart år midlar til utvikling og produksjon av læremiddel i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Satsingsområde

1. Den fyrste lese- og skriveopplæringa

Utvikle eit nytt, eller vidareutvikle/revidere/komplettere eit eksisterande læremiddel eller delar av eit læremiddel, på nynorsk, eller omsetje til nynorsk, som tilrettelegg for den fyrste lese- og skriveopplæringa. Sjå alfabetiseringsmodulen i Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (pdf)

Denne opplæringa byggjer på munnlege ferdigheiter med vekt på eit relevant og meiningsfullt vokabular og enkle frasar og strukturar. Læremiddel som stimulerer deltakarane til aktiv bruk av digitale medium (mobiltelefonar, nettbrett og liknande) under språkopplæringa, blir vurderte som særleg aktuelle. Læremiddel som byggjer på dette og som tilrettelegg for utvikling av språkferdigheitene opp til nivå A1, vil òg kunne bli vurderte.

2. Frå nivå A2 til B1

Utvikle eller vidareutvikle/revidere/komplettere eit eksisterande læremiddel eller delar av eit læremiddel på nynorsk, eller omsetje dette til nynorsk, som tilrettelegg for utvikling av språkferdigheitene frå nivå A2 til B1. Læremiddel som føreset bruk av digitale medium hos deltakarane blir vurderte som særleg aktuelle. Målgruppe er deltakarar på spor 2 og spor 3. Læremiddel som dekkjer nivåa frå A1 til B1 vil òg kunne bli vurderte.

For begge satsingsområda gjeld følgjande: Læremidla skal vere fleksible, differensierte og tilrettelagde for individuell tilpassing.

Forma til læremidla

Læremidla skal produserast som trykt læringsressurs, som digital læringsressurs, eller som ein kombinasjon av trykte og digitale komponentar.

Faglege, pedagogiske og formelle krav til læremidla og prosjektgjennomføringa

Søknadene vil bli vurderte mot følgjande kriterium:

Overordna prinsipp

a) Læremidla skal utviklast i samsvar med gjeldande læreplan.

b) Læremidla skal byggje på ein berande idé, som skal vere grunngitt fagleg og pedagogisk.

c) Læremidla skal vere tilgjengelege for både lærarar og deltakarar.

d) Læremidla skal utformast i samsvar med likestillingslova § 7: «I skule og annan undervisningsinstitusjon skal læremiddel som nyttast, byggje på likestilling mellom kjønna.»

e) Søkjar skal, utan vederlag, sørgje for at trykkeriet overlèt det digitale manuset til statlege produsentar av tilrettelagde utgåver til synshemma, lesehemma og høyrselshemma. Innhaldet i det digitale manuset må vere identisk med den endelege utgåva og kome i ei utgåve og eit format som kan omarbeidast med pc-/Mac. Det digitale manuset må vere strukturert, og uthevingar, overskrifter mv. må vere identifiserte med kodar. Eit eigna format er eit lågoppløyst pdf eller xml.

Organisering av prosjektet

a) Denne kompetansen må vere til stades i tilskotsmottakar si prosjektgruppe:

  • fagleg
  • pedagogisk
  • læremiddelkompetanse, som også omfattar digitale læringsressursar

b) Det skal vere ei klar rollefordeling i prosjektet, særleg med omsyn til underleverandørar, til dømes rettshavar av bilete, og det skal utarbeidast intensjonsavtalar med samarbeidspartar (skal leggjast ved).

c) Tilskotsmottakar skal etablere ei referansegruppe.

d) Tilskotssmottakar skal inngå intensjonsavtalar med skuleeigarar/skular for å prøve ut læremiddelet i utviklingsperioden.

Funksjonar og innhald i læremidla

a) Læremidla skal vere motiverande, engasjerande og aktiviserande og leggje til rette for tilpassa opplæring.

b) Læremidla skal inkludere ei lærarrettleiing.

c) Digitale komponentar må utviklast med tanke på enkel oppdatering og implementering i nye læremiddelprosjekt. Testing av teknisk (syntaks for utveksling av data), semantisk (semje om omgrep og tyding) og organisatorisk (koordinering av forretningsprosessar) interoperabilitet skal dokumenterast. Digitale komponentar:

  • skal vere nettbasert
  • skal ha ei brukarrettleiing
  • skal ha høve til interaktiv oppgåveløysing med tilbakemelding på oppgåver og skal tilfredsstille krava til universell utforming som skildra i WCAG 2.0.

Oppfølging

  • Søkjar skal sørgje for drift og vedlikehald av digitale komponentar i minst fem år frå dei er gjort tilgjengelege.
  • Søkjar skal sørgje for at trykte komponentar blir tilbode marknaden i minst fem år.

Informasjonsansvar

  • Søkjar må ha ein plan for distribusjon og marknadsføring.
  • Det er ønskjeleg at det blir utvikla ein demoversjon av læremiddelet. Det skal gjennomførast kurs for lærarar etter ferdigstilling av læremiddelet. Dette blir føresett dekt av tilskotsmottakar utanom tilskotsmidlar, og plan for kursinga skal vere tydeleg i søknaden.
  • Det skal vere eit budsjett for både utviklings-, drifts- og vedlikehaldsfasen. Eigeninnsats og eventuell gjenbruk skal synleggjerast.

Utbetaling av tilskotet

Det skal vere eit budsjett for både utviklings-, drifts- og vedlikehaldsfasen. Tilskotet blir utbetalt i terminar som blir fastsette i tilskotsbrevet.

Rapportering

I tilskotsbrevet vil det bli stilt krav til rapportering både kva gjeld det faglege og rekneskapet.

Tidsfristar for å ferdigstille prosjekt for tilskotsmottakarar

Læremidla må vere ferdigstilte og gjort tilgjengelege for brukarane i samsvar med prosjektomtalen.

Krav til innhaldet i søknaden

Søknaden skal utførast skriftleg av ein person som har fullmakt til å binde verksemda. Privatpersonar som ikkje er registrerte i einskapsregisteret, har ikkje høve til å søkje.

Last ned søknadsskjema (Word)

Søknaden skal som eit minimum innehalde:

a) Søkjarens namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer, bankkontonummer og e-postadresse.

b) Kontaktperson for prosjektet

c) Opplysningar om prosjektet inkludert tittel, utgivingsform og ferdigstillingsdato

d) Prosjektomtale, som skal innehalde:

e) Omtale av prosjektet med løysingsforslag i samsvar med dei faglege, pedagogiske og formelle krava som er stilte ovanfor. Sjå punkt 3 (gjeld berre for søknader om tilskot til utvikling av nytt læremiddel eller til ein større revisjon av eksisterande læremiddel)

f) Utgreiing av korleis krava til læremidla og prosjektgjennomføringa vil bli oppfylte, sjå punkt 3.

g) Totalkostnad på prosjektet, inkludert eventuelle offentlege avgifter, søknadssum og utsalspris.

h) Vedlegg (jf. søknadsskjema pkt. 6). Vox vil ved behov hente inn ytterlegare dokumentasjon.

Søknadsfrist

Søknad skal sendast Vox innan 01.09.2016 på e-post eller i papirformat.

E-post: post.mottak@vox.no

Postadresse: Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, Postboks 236, 0103 Oslo