Utlysing av midlar til kompetansesenter for nynorsk i norskopplæring for vaksne innvandrarar

Kompetanse Noreg lyser ut midlar til eit vaksenopplæringssenter som skal gje rettleiing i bruk av nynorsk i opplæringa etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (pdf)

Søknadsfristen var 19. november 2018.

Opplæringssenteret må ha erfaring med å gje opplæring i norsk for vaksne innvandrarar på nynorsk, og må stille til disposisjon ein eller fleire som kan vere ressurspersonar i fagleg-pedagogiske spørsmål knytt til bruk av nynorsk i norskopplæringa.

Oppgåver

Vaksenopplæringssenteret vil få ansvar for å vere kompetansesenter når det gjeld rettleiing for kommunar som har gått over eller vil gå over til å gje norskopplæring på nynorsk. Senteret vil òg få ansvar for å finne ein eller fleire personar som kan ta på seg denne funksjonen.

I oppdragsbrevet frå Justis og beredskapsdepartementet (2018) heiter det mellom anna at Kompetanse Noreg «medverkar til utvikling og spreiing av gode undervisningsmetodar og læringsmateriell til bruk i opplæringa, og Kompetanse Noreg skal bidra til at det fins tilgjengelige læringsressurser på begge målformer som dekker alle spor og nivåer i læreplanen». Vaksenopplæringssenteret må difor ha erfaring med å gje opplæring på alle spor og nivå (frå alfabetisering til nivå B2). Senteret skal bidra med rettleiing og råd til andre senter som nettopp har starta eller vurderer å starte med å gje opplæring på nynorsk. Det kan innebere å besøke andre senter eller å ta imot besøk på eige senter, inkludert besøk i klasserommet, for å sjå i praksis korleis opplæringa kan gå føre seg.

Sentrale problemstillingar vil vere korleis opplæringa kan tilretteleggjast på dei ulike spora og nivåa, inkludert den fyrste lese- og skriveopplæringa.

Økonomisk ramme og rapportering

Tilkotsramme: inntil kr. 100 000,-
Midlane vil bli tildelt for eitt år, frå januar til desember 2019.
Det skal rapporterast på bruk av midlane.

Krav til innhald i søknaden

Søknaden frå vaksenopplæringssenteret skal innehalde følgjande informasjon:

  • Kva for erfaring senteret har med å drive opplæring på nynorsk
  • Kva for kompetanse den/dei aktuelle lærarane har
  • Ein plan for korleis leiar ved senteret ser føre seg at midlane skal nyttast, inkludert eit budsjett

Søknad og frist

Vi ber om at søknaden blir merkt «Kompetansesenter nynorsk».

Send søknaden til postmottak@kompetansenorge.no med kopi til sissel.vollan@kompetansenorge.no innan 19. november.

Søknaden kan òg sendast i papirformat til Kompetanse Noreg, Pb 236, 0103 Oslo.