Tilskot til styrka kompetanseutvikling i arbeidslivet

Kompetanse Noreg deler ut 1,5 millionar kroner i tilskot til fylkesvise partnarskap for karriererettleiing for å auke medvitet om, og deltakinga i kompetanseutvikling på arbeidsplassen. Partnarskapa for karriererettleiing kan søke om inntil 400 000 kr for ett eller fleir karrieresentre i sitt fylke. Prosjektet kan gå over eit år, frå 1. august 2018 til 1. august 2019. Søknadsfrist 1. juni 2018.

Målet med ordninga

Tilskotet skal auke medvitet om, og deltakinga i kompetanseutvikling på arbeidsplassen. Det er eit mål å nå ut til verksemder som har liten tradisjon for å tilby opplæring i arbeidslivet, eller som har tilsette som tradisjonelt har låg deltaking i opplæringstiltak.

Målet med opplæringa

Det er eit krav at prosjektet fører til auka kunnskap om læring i arbeidslivet.

Etter avslutta opplæring skal deltakarane ha auka kjennskapen sin i følgjande tema:

  • Moglegheiter til etter- og vidareutdanning og korleis ein kan tilretteleggje for læring i arbeidslivet
  • Verkemiddel for læring på arbeidsplassen, til dømes Kompetanseplussordninga i regi av Kompetanse Noreg og BIO-midlar i regi av Nav
  • Vaksne sin rett til grunnopplæring
  • Vegar til fag- og yrkesopplæring for vaksne
  • Moglegheiter til dokumentasjon av realkompetanse
  • Korleis ein kan finne riktig tiltak til ulike behov
  • Kvar ein kan ta kontakt for meir informasjon / andre instansar ein kan ta kontakt for meir informasjon

Kompetansetiltaket kan vere organisert på ulike vis, til dømes som eit kurs, eit prosjekt eller ein workshop. Det er opp til kvart enkelt karrieresenter å finne den organiseringa som passer best for dei verksemder dei planlegg å nå ut til.

Vidare bør opplæringa ha som mål å motivere både tilsette og leiing til å sjå verdien av kompetanseutvikling på arbeidsplassen, og klargjere korleis ein finn fram til riktige tiltak.

Karrieresentera er ansvarlege for gjennomføringa av opplæringa, men kan trekke inn bidrag frå andre aktørar der det er formålstenleg. Karrieresentera kan til dømes samarbeide med aktuelle avdelingar i fylkeskommunen, fylkesvise nettverk, lokale og regionale utdanningsinstitusjonar.

Opplæringa skal skje på norsk eller samisk.

Kva kan tilskotet nyttast til?

Tilskotet skal nyttast til å gjennomføre opplæring (medrekna materiell og servering), reisekostnader, møtevirksomhet og kostnader knyttet til vikar. Tilskotet kan og nyttast til å dekke reisekostnader i samanheng med deltaking på oppstartssamling i 2018. Dette må framkomme i søknaden.

Tilskotet kan ikkje brukast på teknisk utstyr eller til oppgåver karrieresentera allereie utfører.

Krav til søknad om tilskot

Det skal søkjast på eige søknadsskjema (sjå nedanfor).

Prosjekta skal koplast til fylkeskommunen sitt arbeid med utdanning og næringsutvikling.

Opplæringa skal rette seg mot det organiserte arbeidslivet, det vil seie dei verksemdene som kan vise til underskriven tariffavtale. Representantar frå både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida skal vere representerte i prosjektet. Der det er relevant, kan også HR-funksjonen vere representert.

Kvart karrieresenter kan få tildelt inntil 400 000 kroner. I søknaden skal det vedleggas budsjett.

Det er krav om eigendel, men denne kan være arbeidstid, lokaler etc. Eigendelen må framkomme i budsjettet.

Fyll ut søknaden i skjemaet nedanfor og send han på e-post til postmottak@kompetansenoreg.no.

Prioriteringar

Dersom det totale beløpet for søkte midlar blir høgare enn ramma for tilskotet, vil Kompetanse Noreg gjere følgjande prioriteringar:

  1. Det skal være geografisk spreiing på prosjekta som mottar tilskot. Vi vil etterstrebe å nå ut til samlege fem regioner (Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet).
  2. Prosjekt som retter seg mot verksemder i privat sektor, jf. funn i Lærevilkårsmonitoren som viser at delen sysselsette som deltar i formell vidareutdanning er lågare for tilsette i privat sektor enn i offentleg sektor.
  3. Partnarskapet og karrieresentret har tidlegare ikkje mottatt tilskot.

Oppstarts- og avslutningssamling

Kompetanse Noreg vil arrangere ein oppstartssamling etter at midlane er delt ut. Her vil karrieresentra og partnerskapskoordinatorane få moglegheit til å treffe kvarandre og utveksle erfaringar ved oppstarten til prosjekta. Det er forventa at dei som får tilskot deltar på denne samlinga. Reisekostander kan dekkast gjennom tilskotet, eller dekkast av karrieresenteret.

Dato for oppstartssamlinga er onsdag 12. september 2018.

Det vil også arrangerast en erfaringssamling hausten 2019. Dato for dette er ikkje fastsett foreløpig.

Rapportering

Partnarskap for karriererettleiing har ansvar for rapportering etter avslutta prosjekt. Opplæringa skal gjennomførast i løpet av hausten 2018 og våren 2019, og vere avslutta innan 1. august 2019. Rapporteringsfristen er 1. september 2019. Krav til rapportering vil bli spesifisert i tilsegnsbrevet.