Kriterium for støtte til tilskot til styrka kompetanseutvikling i arbeidslivet

Dersom omsøkt beløp er høgare enn ramma for tilskotet, vil Kompetanse Noreg vurdere søknadane på bakgrunn av følgjande kriterium:

  • Det er partnarskap for karriererettleiing i ein fylkeskommune som søkjer, men pengane skal gå til eit eller fleire av fylkeskommunen sine karrieresenter.
  • Tilskotet skal brukast til å styrkje kompetanseutvikling i arbeidslivet, ikkje oppgåver som karrieresenteret allereie utfører som del av dei ordinære oppgåver sine, eller som er finansierte gjennom andre ordningar.
  • Midla kan ikkje brukast på teknisk utstyr.
  • Prosjektet rettar seg mot det organiserte arbeidslivet.
  • Prosjektet er kopla opp mot regional næringsutvikling.
  • Opplæringa skal skje på norsk eller samisk.
  • Prosjektet skal gjennomførast i løpet av hausten 2017 og vere avslutta innan 31.12.17.
  • Det er satt opp budsjett i søknaden.
  • Tilskot til styrka kompetanseutvikling i arbeidslivet skal ikkje overstige 100 prosent av budsjetterte kostnadar, og maksimalt tilskot er kr 200 000 kr.
  • Karrieresenteret etablerer samarbeid med andre kompetanseaktørar for gjennomføringa av prosjektet. Desse er konkretiserte i søknaden.
  • Søknaden konkretiserer målgruppa deltakargrunnlaget og beskrive korleis prosjektet vil rekruttere deltakarane.
  • Prosjektet genererer auka kunnskap om det regionale og lokale arbeidslivet for karrieresenteret.
  • Kompetanse Noreg kan prioritere på geografi for å oppnå geografisk spreiing på prosjekta, men vil ikkje prioritere geografisk spreiing framfor kvalitet på prosjekta.
  • Dersom karrieresenteret har mottatt tilskot i 2016, er det eit krav at sluttrapporten og den økonomisk rapporten er godkjent før eventuell ny tildeling.