Tilskot til å styrke kompetanseutvikling i arbeidslivet

Kompetanse Noreg deler ut 1 million kroner i tilskot til fylkesvise partnarskap for karriererettleiing for å auke medvitet om, og deltakinga i kompetanseutvikling på arbeidsplassen. Søknadsfrist er 15. april 2019.

Målet med ordninga

Prosjektet skal føre til auka kunnskap om læring i arbeidslivet. Målet er å motivere både tilsette og leiing i verksemder til å sjå verdien av, og betre leggje til rette for kompetanseutvikling på arbeidsplassen.

Kven kan søke?

Tilskotet kan søkjast av fylkeskommune på vegne av partnarskapet.
Søknadsfrist er 15. april 2019.

Innhald og organisering

Karrieresentera er ansvarlege for gjennomføring av prosjekta, men andre aktørar kan bidra med kompetansen sin der det er formålstenleg. Karrieresentera kan til dømes samarbeide med aktuelle avdelingar i fylkeskommunen, fylkesvise nettverk og lokale og regionale utdanningsinstitusjonar.

Prosjektet skal koplast til fylkeskommunen sitt arbeid med utdanning og næringsutvikling. Dette gir partnarskapa og karrieresentera ei unik moglegheit til å arbeide tettare inn mot regionalt arbeidsliv.
Karrieresentera skal i samarbeid med verksemdene bidra til å identifisere aktuelle kompetansebehov og finne fram til relevante opplæringstilbod.

Etter at prosjektet er avslutta, skal deltakarane ha auka kjennskapen sin i følgjande tema:

  • Moglegheiter til etter- og vidareutdanning og korleis ein kan leggje til rette for læring i arbeidslivet
  • Verkemiddel for læring på arbeidsplassen, til dømes Kompetanseplussordninga i regi av Kompetanse Noreg og BIO-midlar i regi av Nav
  • Vaksne sin rett til grunnopplæring
  • Vegar til fag- og yrkesopplæring for vaksne
  • Moglegheiter til dokumentasjon av realkompetanse
  • Kompetansetiltaket kan organiserast på ulike vis, til dømes som eit kurs, eit prosjekt eller ein workshop, og skal skje på norsk eller samisk.

Prioritering av søknader

Kompetanse Noreg vil prioritere søknader etter desse kriteria:

  • Fylkesvise partnarskap som ikkje har mottatt tilskot tidlegare
  • Prosjekt som rettar seg mot privat sektor
  • Prosjekt som er bransjeretta
  • Prosjekt som rettar seg mot verksemder som tradisjonelt har låg deltaking i opplæringstiltak
  • Prosjekt som har god grunngiving og med forankring i regionale planar og strategiar

Kva tilskotet kan nyttast til

Tilskotet skal nyttast til å gjennomføre ulike tiltak som informasjonsmøte, kurs, workshops og liknande. Tilskotet kan dekke kostnader til servering og materiell i samband med kurs og møte. Det kan og nyttast til å dekke nokre reisekostnader, f.eks. for prosjektleiar og andre som skal halde innlegg eller kurs.

Kompetanse Noreg planlegg ei erfaringssamling hausten 2019. Det er forventa at alle prosjekta deltar med ein til to personar på denne samlinga. Tilskotet kan nyttast til å dekke reisekostnader i samanheng med deltaking på erfaringssamling i 2019. Det vil og vere mogleg å delta på samlinga via skype.
Det er krav om eigendel. Denne kan være arbeidstid, lokale og liknande.

Tilskotet skal ikkje brukast på teknisk utstyr eller til oppgåver karrieresentera allereie utfører, eller lovpålagte oppgåver for fylkeskommunen.

Krav til søknad om tilskot

Det skal søkjast på eige søknadsskjema (sjå nedanfor). Tiltak skal rette seg mot det organiserte arbeidslivet, det vil seie dei verksemdene som kan vise til underskriven tariffavtale. Representantar frå både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida skal vere representerte i prosjektet. Der det er relevant, kan og HR-funksjonen vere representert.

Fyll ut søknaden i skjemaet nedanfor og send han på e-post til postmottak@kompetansenoreg.no.

Søknadsskjema bokmål (Word)

Søknadsskjema nynorsk (Word)

Rapportering

Prosjektet skal vere avslutta innan 31. desember 2019. Partnarskap for karriererettleiing har ansvar for rapportering etter avslutta prosjekt.

Rapporteringsfrist vil vere 1. februar 2020.

Krav til rapportering vil gå fram av vedtaksbrevet.