Ekstrautlysing – tilskot til å styrke kompetanseutvikling i arbeidslivet

Kompetanse Noreg deler ut 300 000 kroner i tilskot til fylkesvise partnarskap for karriererettleiing i ei ekstraordinær utlysing. Søknadsfrist er 23. november 2018.

Karrieresentera er ansvarlege for gjennomføringa av opplæringa, men andre aktørar kan bidra med kompetansen sin der det er formålstenleg. Karrieresentera kan til dømes samarbeide med aktuelle avdelingar i fylkeskommunen, fylkesvise nettverk og lokale og regionale utdanningsinstitusjonar. Prosjekta skal koplast til fylkeskommunen sitt arbeid med utdanning og næringsutvikling. Dette gir partnarskapa og karrieresentera ei unik moglegheit til å arbeide tettare inn mot regionalt arbeidsliv.

Søknadsfrist er fredag 23. november 2018.

Målet med ordninga

Tilskotet skal auke medvitet om, og deltakinga i kompetanseutvikling på arbeidsplassen. Det er eit mål å nå ut til verksemder som har liten tradisjon for å tilby opplæring i arbeidslivet, eller som har tilsette som tradisjonelt har låg deltaking i opplæringstiltak.

Målet med opplæringa

Det er eit krav at prosjektet fører til auka kunnskap om læring i arbeidslivet.

Etter avslutta opplæring skal deltakarane ha auka kjennskapen sin i følgjande tema:

  • Moglegheiter til etter- og vidareutdanning og korleis ein kan tilretteleggje for læring i arbeidslivet
  • Verkemiddel for læring på arbeidsplassen, til dømes Kompetanseplussordninga i regi av Kompetanse Noreg og BIO-midlar i regi av Nav
  • Vaksne sin rett til grunnopplæring
  • Vegar til fag- og yrkesopplæring for vaksne
  • Moglegheiter til dokumentasjon av realkompetanse
  • Korleis ein kan finne riktig tiltak til ulike behov
  • Kor ein kan ta kontakt for meir informasjon

Kompetansetiltaket kan organiserast på ulike vis, til dømes som eit kurs, eit prosjekt eller ein workshop.

Opplæringa bør i tillegg ha som mål å motivere både tilsette og leiing i verksemdene til å sjå verdien av, og betre leggje til rette for kompetanseutvikling på arbeidsplassen.

Opplæringa skal skje på norsk eller samisk.

Prioritering av søknader

Kompetanse Noreg vil prioritere søknader på følgjande vis:

  • Fylkesvise partnarskap som ikkje har mottatt tilskot tidlegare
  • Prosjekt som rettar seg mot verksemder i privat sektor.
  • Prosjekt som rettar seg mot verksemder som tradisjonelt har låg deltaking i opplæringstiltak.

Kva tilskotet kan nyttast til

Tilskotet skal nyttast til å gjennomføre opplæring (medrekna materiell og servering), reisekostnader og møte.

Tilskotet kan og nyttast til å dekke reisekostnader i samanheng med deltaking på erfaringssamling i 2019.

Det er krav om eigendel. Denne kan være arbeidstid, lokaler og liknande.

Tilskotet kan ikkje brukast på teknisk utstyr eller til oppgåver karrieresentera allereie utfører.

Krav til søknad om tilskot

Det skal søkjast på eige søknadskjema (sjå nedanfor). Opplæringa skal rette seg mot det organiserte arbeidslivet, det vil seie dei verksemdene som kan vise til underskriven tariffavtale. Representantar frå både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida skal vere representerte i prosjektet. Der det er relevant, kan og HR-funksjonen vere representert.

Fyll ut søknaden i skjemaet nedanfor og send han på e-post til postmottak@kompetansenoreg.no.

Søknadsskjema bokmål (Word)

Søknadsskjema nynorsk (Word)

Søknadsfristen er 23. november 2018.

Rapportering

Prosjekta skal vere avslutta innan 1. august 2019. Partnarskap for karriererettleiing har ansvar for rapportering etter avslutta prosjekt.

Rapporteringsfrist vil vere 1. september 2019.

Erfaringssamling

Kompetanse Noreg planlegg ei erfaringssamling før sommaren 2019.