Tilskott til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar

Kompetanse Noreg forvaltar tilskott til studieforbund og vaksenopplæringsorganisasjonar.

Tildelinga til dei 15 studieforbunda i 2016 blir fastsett på bakgrunn av gjennomsnittleg studietimetal for 2013 og 2014.

For 2016 er det samla tilskottet til studieforbunda 208 374 000 kroner (kapittel 254 i statsbudsjettet). Studieforbunda sender rapportering om aktivitet til Kompetanse Noreg kvart år.

Malar for rapportering

Statistikk

Sjå statistikk for studieforbund i statistikkbanken

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Stortinget vedtar samla tilskott til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fleksibel utdanning Norge (FuN)Kompetanse Noreg vedtar fordelinga av tilskottet mellom dei to organisasjonane. Tilskottet blir utbetalt av Kompetanse Noreg.

For 2016 er det samla tilskottet til vaksenopplæringsorganisasjonane 12 762 000 (kapittel 254 i statsbudsjettet).