Nynorsk

Temaside for lærarar som gir vaksne innvandrarar opplæring på nynorsk.

Læreplan

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar gjeld for opplæring etter introduksjonslova. Læreplanen er ei forskrift til introduksjonslova og blei revidert i 2012.

Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (pdf)

Bestill trykt versjon

Læremiddel

Læremiddelbasen har eit eige val for læremiddel på nynorsk under «Læremidler i norsk». Han inneheld per i dag 26 læremiddel på nynorsk. Læremidla er søkbare etter nivå, spor og emne i læreplanen. Du kan og velje mellom digitale og papirbaserte læremiddel.

Klart og kort er ei lettlesen vekeavis på nynorsk som lærarar kan bruke i norskopplæring for vaksne innvandrarar. Avisa har òg oppgåver

Lesehefte for spor 1 passar for vaksne innvandrarar i norskopplæringa som akkurat har knekt lyd-bokstav-koden.

LEXIN er ordbøker på mange språk som er laga spesielt for
minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa.

Bildetema er ei fleirspråkleg interaktiv bileteordbok med illustrasjonar, tekst, lyd og animasjonar.

Biletkort til bruk i samtaletrening med desse temaa: Personar, tal, datoar, transportmiddel, dagar, månader, klokka og veret.

Nynorsksenteret har nettressursar og materiell for nynorsk i opplæringa.

Noregs mållag har ei kampanjeside om nynorsk opplæring for innvandrarar.

Norskprøver

I statistikkbanken finn du resultat for norskprøva på nynorsk.

Facebook-gruppe for lærarar

Vi har oppretta ei Facebook-gruppe for lærarar som underviser norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på nynorsk. Her kan du dele metodar og tips eller stille spørsmål til kollegaer. Målet med gruppa er å leggje til rette for dialog på feltet og å gjere det enklare for lærarar å gå over til å undervise på nynorsk. Kompetanse Noreg vil óg informere om aktuelle saker, læringsressursar og liknande.

Sjå Facebook-gruppe for lærarar som underviser på nynorsk

Samarbeid om nynorsk

I oppdragsbrevet til Kompetanse Noreg, tidlegare Vox (pdf) står det at vi skal medverke til utvikling og spreiing av gode undervisningsmetodar og læringsmateriell til bruk i opplæringa. Vi skal arbeide for at det finst tilgjengelege læringsressursar på begge målformer som dekkjer alle spor og nivå i læreplanen.

Sidan 2009 har vi samarbeidt med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og ei gruppe lærarar som driv norskopplæring på nynorsk. Vi har to møte i året. Det er særleg tilfanget av læremiddel på nynorsk som blir drøfta i gruppa. Dette samarbeidet gir oss viktige innspel til kva vi bør prioritere frå år til år for å sikre tilgang på læremiddel av god kvalitet på alle spor og nivå. På bakgrunn av innspela og drøftingar, lyser Kompetanse Noreg ut midlar til utvikling og produksjon av læremiddel på nynorsk.

I forrige utlysning prioriterte vi læremiddel på nivå B2 sidan dette er blitt eit nytt nivå på norskprøva. Vi har gitt tilskot til: Klart det, TV 2 Skole og NorskPluss B2.

I 2016 hadde Kompetanse Noreg ny læremiddelutlysing.

Her er oversikt over kva for forlag og kva for læremiddel som fekk tilsagn om midlar og tidsplan for ferdigstilling.

  • Cyberbook: revisjon av Norsk Pluss B1 – er ferdigstilt
  • Fagbokforlaget: revisjon av Norsk no! – er ferdigstilt
  • Fagbokforlaget: Bli klar! - er ferdigstilt
  • Cappelen Damm: Hei! B1 – skal ferdigstillast hausten 2018
  • Cappelen Damm: Hei! Alfa – skal vere ferdig til skuleåret 2019/20.

Kompetansesenter for nynorsk i norskopplæringa av vaksne innvandrarar etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

I juni lyste Kompetanse Noreg ut midlar til kompetansesenter for nynorsk i norskopplæringa av vaksne innvandrarar. Ulstein kompetansesenter blei tildelt midlar til dette. Gjeld skuleåret 2017/2018.

Kompetansesenteret skal bidra med rettleiing og råd til andre senter som nett har starta eller vurderer å starte med å gje opplæring på nynorsk. Kompetansesenteret skal gje råd om korleis opplæringa kan tilretteleggjast på dei ulike spora og nivåa, inkludert den fyrste lese- og skriveopplæringa. Det kan enten vere tale om å besøke andre senter eller å ta imot besøk på eige senter, inkludert besøk i klasserommet, for å sjå i praksis korleis opplæringa går føre seg.

Interesserte kan ta kontakt med Ulstein kompetansesenter på telefon 70 01 77 80, eller e-post til Mali Åm.

Kan innvandrarar velje nynorsk?

Etter opplæringslova § 2-5 er det høve for elevar i grunnopplæringa å velje målform sjølv. Dette gjeld ikkje for deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Spørsmål om målform er ikkje omtalt verken i introduksjonslova, i forarbeida til denne, i rundskriv Q 20/15 eller i Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Sidan spørsmålet om målform ikkje er regulert i introduksjonslova eller forskriftene, betyr det at deltakarar ikkje har grunnlag for å krevje opplæring på ei bestemt målform. Deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap må difor i praksis rette seg etter den målforma som opplæringsstaden har valt eller som kommunane har vedteke.

Kven fastset om opplæringa skal vere på nynorsk?

Kommunen kan fatte vedtak om kva målform som skal brukast i opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Kommunen kan også fastsetje at opplæringsstaden sjølv tek stilling til kva målform som skal brukast.

Kvifor er ikkje alle læremidla på nynorsk?

I grunnopplæringa er det krav om parallellutgåver av læremiddel, jf. forskrift til opplæringslova. I opplæring i norsk og samfunnskunnskap er det ikkje tilsvarande krav om parallellutgåver for læremiddel sidan dette ikkje er regulert i introduksjonslova.