Lesehefte for spor 1 (nynorsk)

Lesehefta er for vaksne innvandrarar i norskopplæringa som akkurat har knekt lyd-bokstav-koden.

Ingrid Alnes Buanes har lang erfaring med å undervise vaksne innvandrarar som har liten eller ingen skulebakgrunn frå heimlandet. Ho har prøvd ut hefta i klasserommet og justert dei på bakgrunn av tilbakemeldingar frå deltakarane.

Temaa i hefta er attkjennande for deltakarane, noko som er viktig for å skape motivasjon i det viktige læringsarbeidet deira. Innhaldet er dermed ikkje barnsleg, sjølv om språket er enkelt. Hefta har fargekodar i teksten. Dei grå bokstavane blir ikkje uttalte, og dei grøne bokstavane markerer det som ikkje er lydrett.

Far ser ein brann (pdf)

Far ser ein fisk (pdf)

Far er ein tjuv (pdf)

Far ser mor (pdf)

Hefta finst også i bokmålsversjon.

Bruk av lesehefta i norskopplæring

Deltakarar som startar opplæringa i norsk og samfunnskunnskap utan å kunne lese på noko språk, skal fyrst få opplæring etter Alfabetiseringsmodulen i Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Lese- og skriveopplæringa byggjer på eit munnleg fundament, og difor er utvikling av munnlege ferdigheiter svært sentralt i denne modulen.

Når lyd-bokstav-koden er knekt, er det nødvendig å få mykje lesetrening for at leseferdigheitene skal bli automatiserte. Mengdetrening er heilt avgjerande på dette stadiet i leseopplæringa for å oppnå flyt. For å få nødvendig mengdetrening, er tilgangen på relevant og variert lesestoff tilpassa denne målgruppa viktig. I dag finst det svært lite slikt lesestoff tilgjengeleg, og valet står ofte mellom å lese barnebøker eller stoff som blir for avansert språkleg. Ingen av desse teksttypane passar.

Temaa i lesestoffet må vere tilpassa vaksne innvandrarar, men teksten må samtidig ha eit svært enkelt språk både med tanke på vokabular og grammatisk struktur. Denne typen lesehefte fyller difor eit stort behov.