Videokonferanse

Få tips om korleis du kan bruke videokonferanse for å gjennomføre fjernundervisning.

For å få utbyte av videokonferanse i opplæringa, er det nødvendig med grundige førebuingar. Det gjeld både hos kursarrangør og på staden kor deltakarane er med via skjermen.

Sjå illustrasjonsfilm om videokonferanse (varer cirka eitt minutt):

 

Organisering

Deltakarane kan vere seg på ulike geografiske stadar. Det er ulike måtar å organisere kurset på:

  • Lærar og gruppe i kurslokale + gruppe med deltakarar via skjerm
  • Lærar og gruppe i kurslokale + individuelle deltakarar via skjerm
  • Lærar på eitt stad + alle deltakarar via skjerm


Kurset må ikkje opne for fleire deltakarstadar enn læraren kan handtere på ein pedagogisk god måte.

Deltakarane skal ikkje berre sitje og sjå på skjermen, men delta aktivt i tovegs kommunikasjon med læraren.

Skaffe utstyr

Få opplæringsstadar har utstyr til videokonferanse. Det er mogeleg å låne eller leie utstyr frå verksemder som bruker videokonferanse i si vanlege drift. Tips til stadar å spørje er høgskolar, kommunehus, større bedrifter, sjukehus, vidaregåande skolar, bibliotek, fylkesmannen, hotell og konferansesenter.

Førebuingar

Det er nødvendig med grundige førebuingar både hos kursarrangør og på staden kor deltakarane er med via skjermen.

  • Skaff opplæring i bruk av utstyret til både lærar og deltakar
  • Sørg for å ha teknisk assistanse i tilfelle det blir problem undervegs
  • Informer kursdeltakarane om at kurset er ein videokonferanse
  • Tilrettelegg lokalet deltakaren skal vere i og sørg for pausemoglegheiter

Prøvekjøring

Sett av tid til å prøvekjøre før sjølve undervisninga startar. Da kan eventuelle hindringar løysast slik at dei ikkje stel kurstid.

  • Test at alt utstyret verkar
  • Test tovegs kommunikasjon mellom lærar og fjerndeltakarar
  • Juster plassering i romma, lyssetjing, stemmebruk, kameravinkel og zooming

Pedagogiske utfordringar

Videokonferanse krev mye konsentrasjon. Læraren må derfor bruke småpausar og variasjon aktivt. Er det grupper som deltek via skjerm, kan deltakarane rotere på plassane for å unngå at dei same blir sitjande i fremste rekkje under heile kurset.

Alle figurar, bokomslag, teikningar og bilete som læraren vil bruke i undervisninga, må vere skanna inn på førehand. Det er ikkje eigna å halde opp ei bok for å vise den fram eller å skrive noko på tavla, slik som i vanlege klasserom.

Gruppearbeid kan brukast dersom det er fleire enn ein deltakar på kvart geografiske stad. For å unngå støy, kan ein skru av lyden på utstyret mens deltakarane jobbar i grupper.

Kontakt

 

Beate Linnerud

seniorrådgiver
seksjon for læreplan