Pilotering

Forlenga piloteringsperiode for B1-B2: 6. april til 7. mai.

Vi manglar framleis deltakarar på B1-B2-nivået og oppfordrar prøvestader som har B1-B2-elevar som ikkje deltok i haust, til å melde desse opp.

Årsaka til at piloteringa ikkje er open for alle no i vår, er at vi ikkje har hatt mange nok deltakarar på den piloteringa vi starte på hausten 2020. Vi treng fleire, nye deltakarar før vi har nok informasjon til å analysere oppgåvene. Det er altså dei same oppgåvene i piloteringa i vår som det var i haust.

Registrerte prøvestader kan melde opp nye deltakarar til piloteringsprøvar. Vi har forståing for at mange prøvestader ikkje kan avvikle pilotering på grunn av korona-tiltak.

Pilotering - utprøving av oppgåver

Når vi skal lage lese- og lytteprøvar, må vi vere sikre på at oppgåvene passar til dei kandidatane som tar prøven. Oppgåvene må ha rett vanskegrad, slik at dei gir ei god måling av nivået. For å sikre dette, piloterer vi alle oppgåver som seinare skal brukast i norskprøvane. Det vil seie at vi prøver ut oppgåver på deltakarar i norskopplæringa. Slik får vi informasjon om kor vanskelege dei ulike oppgåvene er, og kor godt dei skil mellom dei ulike kandidatane. Samtidig får deltakaren øvd seg på å ta ein prøve og blir kjend med prøveformatet.

Vi veit ikkje kor lette eller vanskelege oppgåvene i piloteringsprøvane er. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko om kor mange prosent rette svar ein deltakar må ha på piloteringa, for å bli plassert på eit bestemt nivå. Deltakarane får sjå kor mange rette svar dei får på ein prøve, men ikkje kva svar som er feil.

Kven kan delta?

Alle registrerte prøvestader kan melde opp deltakarar til pilotering. Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.

Til pilotering treng vi deltakarar som samla sett speglar den gruppa som skal ta prøven. Alle som er på nivå A1 til B2 kan derfor delta. Vi har spesielt stort behov for deltakarar på B2-nivå (fordi det ikkje er så mange av desse i opplæringa). Men også deltakarar på A1-nivå er viktige. Vi anbefaler ikkje at elevar som er langt unna å klare ein A1-prøve deltar i pilotering. Pilotering av leseoppgåver skal teste om dei fungerer til lesing. Elevar som ikkje kan lese sjølve, kan derfor ikkje delta.

Utprøving av oppgåver fortel oss kor vanskelege oppgåvene er for den gruppa som skal ta prøven. Viss dei som tar pilotprøvane, ikkje speglar kandidatmassen, kan det føre til feil vanskegrad på oppgåvene i prøven. Det same skjer dersom piloteringa ikkje skjer under same vilkår som ekte prøvar.

Dette kan gjere prøvane vanskelegare:

  • lærarar/nordmenn deltek i pilotering
  • deltakarane får hjelp
  • deltakarar bruker hjelpemiddel
  • deltakarar får ta piloteringa fleire gonger
  • deltakarar piloterer heime (og kan bruke lang tid)

Sikkerheit

For å sikre at piloteringa gir rette resultat – altså viser kva oppgåver det er realistisk at deltakarane klarer på ein prøve – må sikkerheita vere som på ein ekte prøve. Deltakarane må ikkje ha tilgang til internett. Sjå sjekkliste for it-ansvarlege .

Forskjellar mellom piloteringsprøvane og reelle prøvar:

  • Piloteringsprøvane skal ikkje publiserast i privatistportalen.
  • Det er ikkje dagspassord på piloteringsprøvane. Prøvane er tilgjengelege for deltakaren frå den datoen prøven er planlagt gjennomført, og ut piloteringsperioden.
  • Piloteringsprøvane er ikkje adaptive.
  • Vanskegraden på oppgåvene er ikkje kjend – det veit vi først etter at piloteringsprøvane er analyserte. Poenga seier derfor ikkje noko om nivået til deltakaren.
  • Det er fleire pilot-prøvar på kvart nivå, og deltakarar i same klasse vil få ulike prøvar. Resultata bør derfor ikkje samanliknast.
  • Deltakarane kan sjå talet på rette svar når dei har fullført ein prøve, men dette blir ikkje lagra for lærarane.

Praktisk informasjon til prøvestader som skal delta i pilotering

Før piloteringa kan det vere lurt at kandidaten går gjennom eksempeloppgåvene i lytting og lesing, slik at dei blir litt kjende med prøve-systemet og oppgåvetypane. Deltakarane må velje målform sjølve. Dette gjeld både eksempeloppgåvene, piloteringa og ekte prøve.

Tidsbruk

Lytteprøve: ca. 30 minutt (A1–A2), ca. 45minutt (A2–B1) og ca. 40 minutt (B1–B2) - Lytteprøvane går av seg sjølve og blir avslutta automatisk.

Leseprøve: 75 minutt (A1–B2) – det er læraren sitt ansvar å avslutte prøven etter 75 minutt.

Førebu deltakarar på pilotering

Forklar deltakarane at dei får oppgåver av ulik vanskegrad, og at desse er blanda. Ein A2-ar vil til dømes få mange oppgåver på B1-nvå. Det er ikkje meininga at dei skal klare alle oppgåvene, men dei bør rekkje å svare på alle oppgåvene. På leseprøven bør lærarane be deltakarane om å gå vidare når dei kjem til oppgåver som er for vanskelege.

Kor vanskelege dei avsluttande prøvane i norsk er, avheng av at dei som deltar i pilotering, er representative for kandidatane som skal ta prøven. Derfor er det viktig at også svake A1-deltakarar deltar i utprøving på A1-A2-nivå.

Informer svake A1-deltakarar om at prøven er vanskeleg, og at minst halvparten av oppgåvene er meint å vere på A2-nivå. Kanskje klarer dei berre nokre få oppgåver, og det er heilt greitt. Dei skal ikkje streve lenge med vanskelege oppgåver. Dei bør gjere eit forsøk, og så gå vidare. Slik bidrar dei til at prøvane ikkje blir for vanskelege for A1-arar. Dei får også øvd på prøvesituasjonen, der det er viktig å ikkje bruke lang tid på vanskelege oppgåver.

Nivå og oppmelding

Deltakarane meldast opp til anten A1-A2 eller B1-B2. Dei får då tilgang til fire prøvar.

«Pilotering A1-A2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:

  • Pilotering av norsk lytting A1-A2
  • Pilotering av norsk lesing A1-A2
  • Pilotering av norsk lytting A2-B1
  • Pilotering av norsk lesing A2-B1

«Pilotering B1-B2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:

  • Pilotering av norsk lytting A2-B1
  • Pilotering av norsk lesing A2-B1
  • Pilotering av norsk lytting B1-B2
  • Pilotering av norsk lesing B1-B2

Læraren informerer deltakarane om kva prøver dei skal ta når dei startar piloteringa.

  • Deltakarar som er på A1 eller A2, skal meldast opp til «Pilotering A1-A2». Deltakarar som er antatt å vere på A1-nivå, tar berre A1-A2-prøvane. Deltakarar på antatt A2-nivå bør ta piloteringsprøvar både på A1-A2 og A2-B1-nivå.
  • Deltakarar som er på B1 eller B2, skal meldast opp til «Pilotering B1-B2». Deltakarar på antatt B1-nivå bør ta piloteringsprøvar både på A2-B1 og B1-B2-nivå. B2-arar tar berre B1-B2-prøvane.

Prøve-administrativt system (PAD)

Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.

Piloteringsprøvane ligg i det prøveadministrative systemet (PAD) saman med dei ordinære prøvane i norsk og samfunnskunnskap. For å kunne pilotere, må opplæringsstaden vere sett opp som prøvestad i PAD.

I PAD kan du melde opp deltakarar til prøve, setje opp prøveparti og skrive ut innkallingsbrev og prøvebevis. Deltakarar skal også logge seg inn via innloggingsbiletet til PAD.

 

Logg deg inn i PAD

Registrering av kandidatar

Prøvestadene må registrere kandidatane i PAD slik dei gjer ved ordinære prøvar. Dersom kandidatane allereie er registrerte, treng dei ikkje å bli registrerte på nytt. Antatt nivå skal ikkje fyllast ut. Det er mogleg å oppdatere informasjonen (for eksempel mobilnummer). Sjå rettleiing for registrering av deltakarar.

Når kandidatane er registrerte til pilotering, kan den same registreringa nyttast ved oppmelding til seinare prøvar. Det er derfor nyttig å leggje inn all den informasjonen om eleven som ein uansett må registrere i samband med oppmelding til ordinær prøve.

Førebuing på prøvestaden

Prøvestadene bør gå gjennom nettverk/bandbreidde og sjekkliste for it-ansvarlege før pilotering.

For å delta, treng kandidatane brukarnamn og passord. Kandidatane logger seg inn innloggingsbiletet til PAD (sjå over). Her finn du hjelp til å skrive ut brukarnamn og passord til kandidatar.