Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Kompetanse Noreg utviklar læreplan i norsk for vaksne innvandrarar for nivå C1, og prøve i norsk på nivå C1. Namnet på prøven blir «Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå».

Lansering Norskprøven C1

På grunn av koronasituasjonen våren 2020 blir lanseringa av «Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå» utsett til etter sommarferien. Lansering vil skje i veke 34. Med lanseringa vil informasjon om prøven og nivået, eksempeloppgåver, og skriftlege og munnlege eksempelsvar bli publisert på eigne nettsider hos Kompetanse Noreg.

Ein rettleiingstest vil bli lansert samtidig. Rettleiingstesten er meint å vere eit verktøy for dei som har lært ein del norsk, men som er usikre på kva prøvenivå dei bør melde seg opp til.

Prøven på nivå C1 er planlagt avvikla fyrste gong desember 2020, nærmare informasjon om tidspunkt kjem seinare.

Om namnet «Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå»

Namnet «Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå» er for å markerer eit skilje, både i innhald, oppbygging og vurdering frå dei andre prøvenivåa (A1–B2), som heiter «norskprøven», uansett nivå.

  1. Å bruke «Norskprøven» i namnet knyter prøven til resten av prøvetilbodet frå Kompetanse Noreg.
  2. «C1» viser nivået på prøven og gir samstundes eit signal om eit brot med dei andre norskprøvane på lågare nivå, som anten er adaptive eller som måler på fleire nivå.
  3. «Høgare akademisk nivå» fortel noko om type innhald og vanskegrad, samstundes som det gir informasjon om at prøven er på eit endå høgare ferdigheitsnivå enn det som i dag er opptakskrav til høgare utdanning (B2).

Både arbeidsgjevarar og kandidatar vil ha nytte av at namnet på prøven seier noko om kva type språkhandlingar som står i fokus på prøven og kva vanskegrad prøven har.

Dette for å forhindre at kandidatar melder seg opp til for høgt nivå, og at dei som vel å melde seg opp, er betre førebudde på det høge nivået på prøven. Namnet vil òg kunne gje viktig informasjon til arbeidsgjevarar og samfunnet elles om nivå C1, og kva som krevst for å klare prøven. Vi håpar namnet såleis kan bidra til å forhindre at arbeidsgjevarar med lite kjennskap til nivåa set unødig høge krav for tilsetjing.

Det er viktig å påpeike at prøven ikkje berre er aktuell for dei som skal studere eller arbeide i akademia. Prøven er aktuell for alle som har kome svært langt i språkinnlæringa og ønskjer å dokumentere dette, og for å søkje jobbar i ulike sektorar der det vert stilt svært høge krav til språkferdigheiter.

Praktisk om prøven

Prøven vil bli delt inn i to delprøver og vil måle to og to ferdigheiter saman ved hjelp av integrerte oppgåver.

Vi utviklar eit rettleiingsverkty som skal liggje ope på Kompetanse Noreg sine nettsider og hjelpe kandidatar til å finne ut om dei er klare for å melde seg opp til ein prøve på høgare nivå.

Læreplan

Gjeldande læreplan og norskprøve omfattar nivåa A1–B2. Læreplan nivå C1 skal, i likskap med gjeldande læreplan, byggje på rammeverket. Prøven vil vere basert på læreplanen. 

Forslaget til læreplan vart sendt på høyring desember 2018 med frist 20. mars 2019. Høyringsnotat og høyringsutsegn finn du her. Oppsummering av høyringsutsegn og justert forslag til læreplan vart oversendt Kunnskapsdepartementet i september og er til vurdering.