Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Her finn du informasjon til prøvestader, opplæringsstader og lærarar om Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Prøvesidene til kandidatar

Informasjon til deg som skal ta prøven finn du på

Informasjon til arbeidsgivarar

Kva krav til norsk stiller du til dei tilsette? Noreg har nasjonale prøver i norsk som viser kor godt ein person snakkar, forstår, les og skriv norsk.

Les meir om norskkrav i arbeidslivet.

Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar er revidert, og du finn den på denne sida på bokmål, nynorsk og engelsk som pdf-ar.

Informasjon

Frå desember 2020 utvidar Kompetanse Noreg prøvetilbodet til å òg omfatte norskprøve på nivå C1. Kompetanse Noreg ønskjer å rekruttere sensorar frå både den kommunale vaksenopplæringa og frå universitets- og høgskulesektoren til sensorkorpset for Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå.

Dei kommunale vaksenopplæringane er samarbeidspartnarar for Kompetanse Noreg når det gjeld avvikling av norsk- og samfunnskunnskapsprøvane, og rekruttering av sensorar herfrå vil gå gjennom skuleleiarar/rektorar.

Det er forventa eit avgrensa tal kandidatar til prøven på nivå C1, og ein kan rekne med at det er dei største prøvestadane som vil få mest erfaring med C1-nivået. Kompetanse Noreg vel derfor i denne omgang å kontakte dei ti prøvestadane med flest kandidatar til norskprøven for sensor-rekruttering. Desse prøvestadane vert invitert til å tilrå 1–3 lærarar ved eigen prøvestad til sensoroppdrag på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå. Det er behov for å rekruttere ti aktive sensorar frå vaksenopplæringa, med moglegheit for ytterlegare fem som reserve-sensorar. Kompetanse Noreg vil velje ut sensorar frå innkomne tilrådingar, ut frå visse kriterium.

Frå universitets- og høgskulesektoren vil det i første omgang rekrutterast frå eksisterande sensorkorps for norskprøven.

Datoar

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå blir gjennomførd sommar og vinter. Prøven vil ha same oppmeldingsperiode som Norskprøven på nivå A1 – B2. Datoane for vinter 2021 er 13. og 14. desember.

Oppmelding

Prøvestadene melder sjølv opp deltakarar som har rett til gratis prøve i Pad. Vi oppfordrar prøvestadene til å melde opp kandidatane sine seinast to veker før prøveperioden begynner. Innkallingsbrevet må bli sendt ut seinast to veker før prøvedatoen.

Du kan melde opp kandidatar til både delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling og delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon i same prøveperiode, eller til éin av delprøvane. Ein kan melde kandidatar opp til dei to delprøvane kvar for seg, sjølv om kandidaten ikkje har tatt prøven før. Kandidatar kan ikkje bli meld opp til same delprøve fleire gonger i same prøveperiode, men ein kan melde kandidatar opp til Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå og norskprøven på dei andre nivåa (A1–B2) i same prøveperiode.

Kandidatar som har behov for tilrettelegging i form av ein alternativ prøve, må bli melde opp ved å fylle ut vårt digitale søknadsskjema for alternative prøvar seinast fem yrkedagar etter oppmeldingsfristen for privatistar.

Personar som ikkje har rett til gratis prøve, må melde seg opp sjølv og betale ei prøveavgift som kommunen har fastsett. Dette gjeld òg personar som har tatt prøven før, men som ønskjer å ta éin eller fleire delprøvar på nytt.

Oppmeldinga til norskprøven blir gjort via ei lenke på norskprøven.no. Det er same påmeldingsperiode for Norskprøven A1–B2 og Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå.

Lokal tilpassing av prøven

Prøven kan bli tilpassa kandidatanes føresetnader og behov utan at det fell inn under avgjerda om tilrettelegging av prøven. Lokal tilpassing kan for eksempel vere å justere lyden opp eller ned på høyretelefonen eller justere skriftstorleiken på skjermen. Dette blir gjort i nettlesaren på den aktuelle datamaskinen. Ein treng ikkje å søke om lokal tilpassing på førehand.

Særskilt tilrettelegging av prøven

Særskilt tilrettelegging av prøve er regulert i forskrifta § 25. Kandidatar som meiner dei har behov for tilrettelegging, kan søkje kommunen om å få tilhøva lagt til rette ved gjennomføring av prøven. Prøvestaden skal sørgje for all slik tilrettelegging, og det er behova til kvar enkelt kandidat som skal liggje til grunn for tilrettelegginga. Tilrettelegginga kan for eksempel vere utvida tid og å få ta den skriftlege prøven i einerom.

Kandidatar med behov for ein alternativ prøve

Kandidatar som har ei syns- eller høyrselshemming eller ei anna form for utfordring av ein slik art eller grad at dei ikkje har føresetnader for å ta ordinær, digital prøve, kan søkje om tilrettelegging i form av ein alternativ prøve.

Prøvestaden må fylle ut og sende inn digitalt søknadsskjema for alternative prøvar seinast fem yrkedagar etter fristen for privatistoppmelding. Innvilga søknad gjeld som påmelding. Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå blir ikkje tilboden på teiknspråk, sidan det i begge delprøvane er integrerte oppgåver som måler både skriftleg og munnleg språk. For meir informasjon om tilgjengelege prøvar på teiknspråk.

Treng prøvestaden råd og rettleiing i samband med tilrettelegginga, kan dei kontakte Kompetanse Noreg på e-postadressa:
tilrettelegging@kompetansenorge.no

Kandidatar som har dokumentasjon på dysleksi eller andre spesifikke lese- og skrivevanskar, kan søkje om utvida tid på begge delprøvane. De kan òg søke om å få oppgåvespørsmål på begge delprøvar lesne opp av prøveleder. Det kan òg vere behov for å gjennomføre ein alternativ prøve, for eksempel gjennomføre ein papirprøve med større anledning til å dele opp og ta og pausar.

For kandidatar med dysleksi blir det for tida prøvd ut ei ordning med tilrettelegging av norskprøven på lågare nivå. I denne utprøvinga blir enkelte funksjoner i nokre spesifikke programvarer tatt i bruk. Eventuelle endringar som følge av funn frå prøveordninga, vil kunne gjelde for prøven på nivå C1 også.

Retningslinjer og rettleiingar

Det er kommunane som har ansvaret for å gjennomføre prøver i norsk og samfunnskunnskap. I prøvereglementet finn du retningslinjer for korleis kommunane skal gjennomføre prøvene.

Reglement og vedlegg kan du laste ned her. Dokumenta er på bokmål.

Kompetanse Noreg har utarbeida vedtaksmalar som kommunane kan ta utgangspunkt i når dei skal fatte vedtak i forbindelse med gjennomføring av prøvane. Malene kan lastast ned frå denne sida.

Innkallingsbreva kan lastast ned frå denne sida.

Opplæring i eksaminasjon

På norskprøven C1 – høgare akademisk nivå vil begge delprøvar bli vurdert av eit sentralisert sensorkorps.

På delprøve leseforståing og munnleg kommunikasjon vil altså eksaminator vere lokal, mens sensorane vil vere eksterne og del av Kompetanse Norges faste sensorkorps for prøven. Sensorane er ikkje til stede på prøvedagen.

Eksaminator gjer eit lydopptak av eksaminasjonen, som blir lasta opp i det digitale prøvesystemet og vurdert av sensorar seinare. For prøvestadene vil derfor fokuset for opplæring i samband med avvikling vere på eksaminatorrollen på delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon.

Kompetanse Noreg har laga lydfiler med eksempelsvar av delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon. Desse lydfilene vil fungere som eksempel på korleis ein eksaminasjon kan gå føre seg. Saman med lydfilene ligg det ei vurdering av eksempelsvara. Desse vurderingane vil bidra til at eksaminatorar og lærarar kan lære meir om kva som krevst for å nå C1-nivået.

Det er laga ein informasjonsvideo for kandidatar som ønskjer å vite meir om prøven. Denne videoen kan òg vere nyttig for prøvestader, lærarar og andre som vil vite meir om prøven

Det vil òg finnast ein eksaminatorinstruks med informasjon om gangen i prøven og kva som skal seiast før og undervegs i prøven. Her vil det òg vere informasjon om vanlege situasjonar som kan oppstå og forslag til korleis dei kan bli løyst. Dette materiellet vil kome i god tid før første avvikling.

Vurderingsskjema

Kompetanse Norge har laget vurderingsskjema for begge delprøvane av C1-prøven. Skjemaa blir brukte ved vurdering av delprøven i lytteforståing og skriftleg framstilling og delprøven i leseforståing og munnleg kommunikasjon.

Dei er òg til hjelp for lærarar og deltakarar når dei skal vurdere kva prøve deltakarane skal gå opp til.

Nivåbeskriving

Norskprøven C1 - høgare akademisk nivå skal måle det nest høgaste nivået på skalaen til Det felles europeiske rammeverket for språk. Skalaen har seks steg, der A1 og A2 høyrer innunder det som blir rekna som basisnivå, B1 og B2 blir kalla sjølvstendige nivå, og C1 og C2 utgjer det som blir kalla avansert nivå.

Rammeverk for språk

Figur henta frå «Det felles europeiske rammeverk for språk: læring, undervisning, vurdering». Utdanningsdirektoratet, 2011

Kvart enkelt nivå har i tillegg fått ein «merkelapp» som skal beskrive nivået. C1 har fått merkelappen «Effektiv språkbruk» og blir beskrive som «eit avansert kompetansenivå som krevst for meir komplekse studieoppgåver og arbeid».

C1 – eit høgt språknivå

Det er B2, nivået under C1, som krevst for opptak til høgare studiar. På B2-nivået har ein oppnådd ein ny grad av språkleg medvit og ei betre oversikt over eigen språklæring og eigne feil. Ein er i stand til å oppklare misforståingar, omformulere seg og planleggje kva ein vil seie og korleis. Ein kan hevde seg godt i sosial omgang og argumentere effektivt for sitt syn.

Med andre ord er B2-nivået eit høgt nivå, og over dette igjen, finn vi altså C1. C1 er likevel ikkje eit nivå der ein meistrar språket fullt ut. Det vil framleis vere enkelte glipp i språket, men det er eit så høgt nivå at ein kan bruke språket uanstrengt og effektivt i dei fleste situasjonar. Ein kan uttrykkje seg flytande og spontant utan at det er særleg merkbart at ein leitar etter uttrykksmåtar, og ein kan bruke språket fleksibelt og hensiktsmessig til sosiale, akademiske og yrkesrelaterte formål.

Kva kan ein gjere på C1-nivået?

På C1-nivå kan ein forstå eit breitt spekter av lengre, krevjande tekstar og oppfatte bodskap som ikkje er direkte uttrykt. Ein kan skrive klare, velstrukturerte og detaljerte tekstar om komplekse emne og vise at ein meistrar ulike setningsmønster, bindeord og samanbindande markørar. På C1 kan ein òg bruke språket munnleg og skriftleg til kognitivt krevjande oppgåver som å omarbeide, samanfatte og vidareformidle informasjon på ein presis og formålstenleg måte.

Kva testar Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå?

Prøven måler språkferdigheiter på nivå C1. Prøven inneheld ikkje oppgåver på andre nivå, og det er derfor ikkje mogleg å få B2 eller eit anna, lågare nivå på prøven – ein får anten C1 eller Ikkje bestått på prøven.

C1 er eit svært høgt nivå. Det er ikkje slik at alle som lærer eit språk, vil klare å nå dei høgaste nivåa. Innhaldet i C1-prøven er basert på aktivitetar og språkhandlingar som er vanlege innafor akademia og andre arenaer med svært høge krav til språkferdigheiter. Dermed er det er òg slik at oppgåvene i prøven på C1 er komplekse og kognitivt krevjande. Nokre av oppgåvene måler berre skriving eller berre munnleg kommunikasjon, mens andre oppgåver måler fleire ting samtidig. Då må ein bruke reseptive ferdigheiter (lesing eller lytting) saman med produktive ferdigheiter (snakking eller skriving) for å vidareformidle noko. Dette set høge krav til både språkferdigheiter og konsentrasjon. I tillegg er det slik at C1-prøven har få, men omfattande oppgåver.

Vil du vite korleis prøvane blir vurderte, sjå vurderingsskjema her:

Eigenvurdering

Kandidatane kan bruke rettleiingstesten for å få råd om kva prøvenivå dei bør melde seg opp til (lenk)

Brukarmanualen er erstatta av ein support-tjeneste

Resultat

Sensorane for begge delprøvar av C1-prøven registrerer alle resultata i det prøveadministrative systemet.

Dersom dei to sensorane ikkje er einige, vil prøvesvara gå vidare til ein tredje sensor, til såkalla omsensur.

Prøvestadene sørgjer for å gjere opptak og at lydopptaket blir lasta opp i det prøveadministrative systemet.

Kandidatane får ikkje vite resultata før prøvebevisa blir sende ut.

I statistikkbanken finn du resultat for kommunar og fylke på norskprøven.

Resultat frå Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå vil òg bli lagt til her når dette er tilgjengeleg.

Statistikken vil vise kor mange personar som tok Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå og resultatet på dei to ulike delprøvane.

Prøvestaden skal skrive ut prøvebevis frå PAD og formidle dette til kandidatane etter at sensuren har falle.

Resultatet på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå vil kome på same prøvebevis som dei andre prøvane. Prøvebeviset skal skrivast ut på blanke ark.

Ei beskriving av kva prøven måler, står på baksida av prøvebeviset.

Bakside på prøvebeviset - bokmål (pdf)

Kandidatar som har fått «ikkje bestått» på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå, skal få eit brev i staden for prøvebevis. Prøvestaden skal skrive ut dette brevet frå PAD.

Om prøven

Norskprøven består av to delprøvar:

  • delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling (2,5 timer)
  • delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon (30 minutt førebuingstid + 15–20 minutt eksaminasjon)

Delprøvane kan bli tatt uavhengig av kvarandre.

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå inneheld berre oppgåver som måler på C1-nivået, og moglege resultat på prøven er C1 og ikkje bestått.

Om delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling

Delprøven har to oppgåver og heile prøven blir tatt på pc.

I oppgåve 1 får kandidatane høyre ei lengre samtale mellom ein mann og ei kvinne. Kandidatane vel sjølv når dei vil begynne å høyre på samtalen. Samtalen blir spelt av to gonger, med eitt minutt pause mellom avspelingane.

Kandidatane skal skrive ei oppsummering av innhaldet i samtalen, slik at ein som ikkje har høyrt samtalen, kan få eit klart inntrykk av kva personane meiner. Oppsummeringa skal vere ein samanhengande tekst (ikkje punkt) på maks 350 ord.

Oppgåve 2 er ein rein skriftleg oppgåve, og ein får velje mellom to ulike tema. Kandidatane skal ta stilling til ei sak og argumentere for synet sitt. Teksten skal vere mellom 300 og 400 ord.

Ein kan bla fram og tilbake mellom informasjonssida og oppgåvene i prøven, men når lyden på oppgåve 1 blir spelt av, er ein låst til oppgåve 1.

Om delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon

Delprøven har tre oppgåver. Denne delprøven består av ein førebuingsdel i tillegg til eksaminasjon.

I den første delen skal kandidatane lese tre tekstar og førebu svar på to oppgåver. Førebuingstida er 30 minutt.

I oppgåve 1 skal kandidatane førebu ei oppsummering av lesetekst 1. Denne teksten er ein type faktatekst eller forskingsnyhende.

I oppgåve 2 skal kandidatane lese tekst 2 og 3 og førebu seg på å snakke om desse. Tekstane er meiningsytringar og vil gje ulike synspunkt på, eller haldningar til ei sak. Kandidatane skal førebu ein kort presentasjon av synspunkta som kjem fram i lesetekst 2 og 3, og etterpå skal dei argumentere for eigne synspunkt på saka.

Når tida til førebuing er ute, skal kandidatane bli henta inn til eksaminasjon. Eksaminator skal leie kandidaten gjennom prøven og gjere eit lydopptak av det som blir sagt.

Kandidaten gir dei svara dei har førebudd til oppgåve 1 og 2, og deretter får dei ei tredje og siste oppgåve. Denne siste oppgåva er ei rein munnleg oppgåve, som ikkje er knytt til tekst. I denne oppgåva skal kandidatane ta stilling til ein påstand og argumentere for sitt syn. Dei får velje mellom to ulike tema.

Lydopptaket av eksaminasjonen blir vurdert av sensorar seinare.

Eksempeloppgåvene viser korleis oppgåvene i sjølve prøven er. Læraren bør gå gjennom eksempeloppgåvene med deltakarane.

Målet er at deltakarane skal kjenne dei ulike oppgåvetypane godt før dei tar prøven, slik at det er språkferdigheitene deira som blir målt i prøven, og ikkje dei digitale ferdigheitene.

Her er eksempeloppgåver til kandidatane

Sjå eksempelsvar:

Eksempelsvar muntlig kandidat: