Skrive seg til lesing (STL+)

STL+ er ein metode der deltakaren skriv på datamaskin med lyd for å lære å lese. Når deltakaren trykkjer på ein bokstav, blir bokstavlyden lesen opp. Når ordet er ferdigskrive, blir ordet lese opp.

Når deltakarane hører bokstavlyden erfarer dei samanhengen mellom lyd og bokstav. Denne samanhengen er utfordrande å forklare til deltakarar som ikkje kan lese og skrive, og som ofte heller ikkje forstår opplæringsspråket.

Opplesinga av heile ord gir hjelp til lesinga (avkodinga) og rettskrivinga.

Utgangspunkt i munnleg

Deltakarane skriv tekstar som tek utgangspunkt i den munnlege norskferdigheitea deira. Sidan deltakarane ofte har eit svakt munnleg grunnlag når dei startar norskopplæringa, må lærarane drive eksplisitt og systematisk opplæring i munnleg språk slik at deltakaren har noko å skrive, noko som har meiningsinnhald for han og som han kan uttrykkje på skjerm og skrive ut på papir. Ord og setningar som deltakaren sjølv har skrive, blir så lesetekstar i leseopplæringa.

Video av STL+

 

Individuell opplæring

Metoden kan vareta behovet for tilpassa opplæring i større grad enn tradisjonell lese- og skriveopplæring. I alfabetiseringsklasse er deltakarane ofte på ulike nivå både i språkinnlæringa og i alfabetiseringsprosessen. Ved å bruke STL+ kan deltakarane starte på det nivået dei er.

Lettare enn handskrift

Vaksne utan erfaring med skriving bruker lang tid på å utvikle funksjonell handskrift. Det å la datamaskinen gjere sjølve bokstavforminga frigjer tid og energi til anna læring. Samtidig blir tekstane lesbare for alle. Det ser ut til at skriving for hand går raskare for dei deltakarane som også skriv på tastatur.

Digital kompetanse

Bruk av STL+ kan også auke dei digitale ferdigheitene til deltakaren. Digital kompetanse er integrert i alle språklege kompetansemål i læreplanen.

Utvikling av metoden

STL+ er basert på arbeidet til Arne Trageton og vidareutvikla av Mona Wiklander. Tone Finne har vore ein viktig pådrivar for metoden.

STL+ er prøvt ut i alfabetiseringsundervisning for vaksne innvandrarar først av Elisabeth Bergander, Oslo VO Skullerud og Anne Marie Eiby, Sogn vidaregåande skole. Sida er STL+ testa på Voksenopplæringa i Tromsø, Bodø VO, Namsos Opplæringssenter, Oslo VO Rosenhof avdeling Sentrum, Oslo VO Smedstua og Sandefjord Internasjonale Senter.

Kom i gong med STL+

Før ein kan starte med STL+, treng ein programvare for tastelyd og talesyntese. Det finst mange forskjellige program, og det enkelte vaksenopplæringssenter må sjølv vurdere kven av desse dei vil skaffe.

For nettbrett (iPad og androide) er det utvikla ein app på norske og nokre andre språk, sjå skolstil.se.

Kontakt

Kari Gregersen

seniorrådgiver
seksjon for kvalifisering og læreplan