Familielæring

– ei tilnærming til læring med familien sin kompetanse som utgangspunkt.

Om tilnærminga

Familielæring er opplæring på tvers av generasjonane som legg vekt på å utnytte familien sine ressursar på måtar som gjer at alle deltakarane/familiemedlemmane lærer mest mogeleg. Det er vanleg å inkludere autentiske læringsarena som nærmiljø og heim i opplæringa.

Familielæring er godt eigna til norskopplæring for språklege minoritetar. Foreldre med barn får både kulturell og språkleg kompetanse gjennom å ta aktiv del i opplæringa til barna. Samtidig har engasjementet deira i barna si læring positiv effekt på barna si faglege og sosiale utvikling.

Dei fleste tiltaka og kursa som nyttar familielæring som metode rettar seg mot foreldre, særleg mødre, med relativt små barn. Det bør være eit mål å freiste å trekkje fedrane og eldre born meir med. Besteforeldre er også ei aktuell målgruppe. Tilnærminga bør nyttast for heile befolkninga, og ikkje berre overfor dei med innvandrarbakgrunn. Familielæring er relevant som metode innan alt frå norskopplæring, symjetrening og ernæringskurs, til språk- og lesetrening hos barnehage- og skulebarn.

I mange av opplæringstiltaka som nyttar familielæring som metode trekkjer lærestadane inn eksterne fagfolk, slik som helsesystrer og bibliotekarar. Pensjonistar og andre frivillige kan også hjelpe.

Eksempel

Sjå eksempel på familielæring i praksis:

Sjå videoreportasje frå ei mor/barn-gruppe i Larvik for å få eit betre innblikk i korleis dei integrerer familien i norskopplæringa.

Eit familielæringsprosjekt ved Tønsberg VO med familiehistorier som utgangspunkt. Målet er å engasjere foreldre og barn til samhandling og aktivitet ved å hente fram identitetsberande forteljingar frå bakgrunnen deira. Her finn du blant anna rettleiing, deltakarane sine digitale forteljingar og blogg frå prosjektet.

Les om prosjektet

Matematikksenteret i Trondheim har brukt familielæring på tvers av kjønn og befolkningsgrupper i prosjektet «Familiematematikk».

Mange føresette opplever det å skulle stimulere læringsarbeidet til eigne barn som fylt med konfliktar. Nokon føler at dei ikkje kan nok matematikk sjølv, og har kanskje opplevt faget som vond og vanskeleg. Andre kan vere fagleg flinke, men synest det er vanskeleg å hjelpe barna utan at det oppstår konfliktar. Barna kan oppleve foreldra sitt engasjement som mas og kontroll, og seier gjerne at foreldra gjer ting på ein annan måte enn læraren.

Tanken bak «Familiematematikk» er å gi dei føresette innsikt i kva skolematematikk handlar om, korleis barn lærer, kva som er faglege barrierar, og korleis dei skal overstigast. I prosjektet blir det lagt vekt på at matematikk er eit kreativt og spennande fag, med aktivitetar og oppgåver som gir innsikt, forståing, ferdigheiter og evne til å bruke matematikken i eigne liv og framtidige studiar og yrke.

Les om familiematematikk

Her finn du nokre eksempel på aktuell litteratur knytta til familielæring:

  • An-Magritt Hauge og Sigrun Aamodt (red.) (2008): Familielæring - og andre modeller innanfor flerkulturelt pedagogisk arbeid. Oslo: Universitetsforlaget
  • Sigrun Aamodt og An-Magritt Hauge (red.) (2013): Snakk med oss – Samarbeid mellom foreldre, barnehage og skole i et flerkulturelt perspektiv. Oslo: Gyldendal Akademisk
  • Shan Rees, Foufou Savitzky og Attillah Malik (red.) (2003): On the road – Journies in Family Learning. London: London Language & Literaty Unit at South Bank University

Kontakt

Nita Steinung Dahl

seniorrådgiver
seksjon for læreplan