Rolla til tillitsvalde i Kompetansepluss

Tillitsvalde har ei sentral rolle for at opplæring på arbeidsplassen skal komme i gong og lykkast. Som tillitsvald kan du vere ein pådrivar for opplæring i verksemda di, både for å rekruttere kursdeltakarar, motivere leiinga og for å følgje opp kurset i arbeidskvardagen.

Få med leiinga

Argument du kan bruke i møte med bedriftsleiinga:

  • Færre feil: Gode leseferdigheiter gjer det enklare å forstå plukklistar, ordresetlar, pasientinformasjon, beskjedar og arbeidsforklaringar
  • Mindre svinn: Rekneferdigheiter er nødvendig for å berekne bruk av råvarer, kalkulere materialbehov og få kassen til å stemme
  • Meir effektiv arbeidstid: Å lese og skrive langsamt sløser unødvendig arbeidstid
  • Betre kvalitetssikring: Korrekt skriftleg rapportering frå dei tilsette gir leiinga betre vedtaksgrunnlag
  • Smidigare drift: Fleire automatiserte prosessar stiller krav til effektive lese-, skrive- og dataferdigheiter
  • Omstillingsdyktig stab: Gode grunnleggjande ferdigheiter gjer at ein raskare kan ta til seg ny kunnskap
  • Fleire faglærte: Anbodsrundar krev ofte dokumentert kompetanse. Opplæring i grunnleggjande ferdigheiter kan vere første steg på veg mot fagbrev eller anna fagopplæring.

Få med medarbeidarane

Kunnskap frå tillitsvalde om medarbeidarane og bedriftskulturen er ein stor ressurs for å nå fram på den enkelte arbeidsplassen.

Det er ingen fasit for kva tilnærmingar som fungerer best. Det som fungerer på ein stad, kan ha motsett effekt andre stadar. Her er nokre konkrete tilnærmingsmåtar som har fungert:

  • Felles informasjonsmøte for heile verksemda
  • Samtalar på tomannshand med potensielle kursdeltakarar
  • Kartlegging av dei grunnleggjande ferdigheitene til alle tilsette
  • Anonym sms-tjeneste for dei som lurer på noko
  • Brev heim til utvalde medarbeidarar med tilbod om opplæring
  • Plakatar, flygeblad og informasjon på intranett

Få eit vellykka kurs

Her ser du nokre viktige føresetnadar for at kurset skal gi best mogeleg resultat.

  • Nærmaste leiar må vere godt orientert og positiv til opplæringa.
  • Kursinnhaldet må i stor grad knytast til velkjente oppgåver i arbeidskvardagen.
  • Jobb med kursomtalen. «Kurs i effektiv rapportskriving» kling ofte betre enn «Skrivekurs».
  • Det er ofte lettare å få folk med på kurs i arbeidstida enn på fritida.
  • Opplæringa må ikkje påføre kollegaar ekstraarbeid eller andre ulemper.
  • Unngå skolepreg i så stor grad som mogeleg.
  • Lag ei hyggeleg sosial ramme rundt opplæringa.

Tilskott

Tilskottsordninga Kompetansepluss gir midlar til kurs i lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale ferdigheiter for tilsett i private og offentlege verksemder.

Søk midlar