Tillitsvalgte viktig for kursdeltakelse

Kabelprodusenten Draka i Drammen har gjennom tre år med vellykka BKA-kurs sett verdien av at tillitsvalde involverer seg.

Tøff oppstartsfase

Draka har opplevt positivt utbytte frå BKA-kurs, i form av fornøgde og motiverte tilsette. Produktivitets- og datatillitsvald John Liselid seier det likevel var vanskeleg å få med tilsett på kurs i oppstarten.

– Det var kjempevanskeleg å få med folk i starten. Mange hadde inntrykk av at dette var eit tiltak leiinga hadde sett i gong for å kartleggje kor dumme dei var. Da var det viktig at eg som tillitsvald snakka med dei tilsette ein og ein og avkrefta dette. Etter kvart forstod folk at dette faktisk er eit tiltak for å hjelpe dei, både i jobb og privatliv.

Tillitsvalde motiverer

Klubbleiar Dagfinn Borgersen sit ved arbeidspulten

Klubbleiar Dagfinn Borgersen stadfestar at involveringa til dei tillitsvalde er viktig for å få med tilsette på kurs. Tillitsvalde kjenner dei tilsette og bedriftskulturen best, og veit kva som fungerer på eigen arbeidsplass. Borgersen peiker på at mange som jobbar i Draka ikkje har anna utdanning enn frå grunnskolen frå 70-talet, og ikkje har oppdaterte kunnskapar i forhold til dagens arbeidskvardag.

– Det at enkelte kan ha problem med å handtere nye rutinar og verktøy, er eit tabulagt tema. Det er lettare for dei tilsette å seie kva dei føler til tillitsvalde enn til leiinga. Det er ein annan dialog blant oss gutta på golvet. Terskelen for å melde seg på kurs blir lågare.
Verdien av dei tillitsvalde sin innsats var i følgje Borgersen tydeleg i forfjor, da leiinga eigenhendig freista å få med tilsett på kurs.


– Det året tillitsvalde ikkje var involvert, sleit leiinga med å få med seg deltakarar. Det kan vere at behovet er metta, men eg trur det har samanheng med at lese- og skrivevanskar er følsame tema ein ikkje vil gå til leiinga med.

Samarbeid med leiinga er viktigHege K. Kræmer, HR-konsulent innan kompetanseutvikling i Draka

Borgersen vektlegg at det samtidig er viktig med eit godt og tett samarbeid med leiinga. Hege K. Kræmer, HR-konsulent innan kompetanseutvikling i Draka, legg til at leiinga også kan hjelpe til å få med fleire typar yrkesgrupper på kurs.

– Tillitsvalde er sentrale for å få med gutta frå produksjonsavdelinga, men vi trengjer leiinga til å få med funksjonærane. Det er viktig å huske på at vi som sit på kontora også kan ha bruk for oppfrisking i prosentrekning.

– Eg sender masse e-post no

Liselid framhever at det er viktig å få med personar som kan fungere som katalysatorar for etternølarane. Ein av dei tilsette som tidleg melde seg på kurs er fagarbeidaren Svein Engebretsen. Han deltok på ein av dei første datakursane, og erfaringa var så positiv at han varmt anbefalte det vidare til kollegaar.

Fagarbeidaren Svein Engebretsen

– Eg hadde eit veldig positivt utbytte av datakurset. Eg lærte å sende e-post og bruke Excel. Det har eg fått bruk for både i jobb og privat. Eg sender masse e-post no.


Svein legg til at han gjerne også vil melde seg på framtidige kurs. I dag har rundt 40 tilsette i Draka delteke på kurs innan lesing, skriving, rekning og data.