Styrkjer innbyggjarane sin kompetanse

Smøla kommune satsar på BKA for å auke delen innbyggjarar som har fagbrev. – Det er eit samarbeid mellom kommunen og arbeidsplassane, fordi kvar for oss er vi for små til å ha eit slikt opplæringsprosjekt, seier Eli Reistad.

– Ei kartlegging frå 2010 viste at cirka 40 prosent av den vaksne befolkninga i kommunen berre hadde grunnskoleutdanning, seier Eli Reistad, leier i avdeling for kurs og kompetanse. 13 prosent hadde fagbrev eller høgare utdanning.

Smøla kommune ønskte derfor å auke kompetansen blant innbyggjarane og få fleire til å ta fagbrev. Dei søkte om BKA-midlar med mål om å kople basiskompetanse i arbeidslivet med fagopplæring.

Praksiskandidatar i barne- og ungdomsarbeidarfaget var først ut, etterfølgde av Helsearbeidarfaget. – Det har vore ein stor suksess, der alle deltakarane i Helsearbeidarfaget har fullført VG3, og er i ferd med å ta fagbrev, seier Reistad. Vi har sett i gong med eit liknande kurs innan reinhald i kommunen.

Samarbeid mellom næring og vaksenopplæring

Smøla Nærings- og kultursenter har ansvar for vaksenopplæring i kommunen, som blant anna inkluderer opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, støttekurs for praksiskandidatar som ønskjer fagbrev, BKA-kurs og anna kursverksemd.

For å gi til økt samhald og trivsel har dei etablert ein felles læringsarena for fleire små bedrifter.

Smøla kommune er den største arbeidsplassen i øykommunen, som har 2180 innbyggjarar. – Den kommunale satsinga fungerer godt sidan ønsket om å auke basiskompetansen til dei tilsette allereie er sterkt forankra, seier Reistad.

Styrke grunnleggjande ferdigheiter for dei som har fagbrev

Senteret satsar på praksisnær opplæring og bruker arbeidsplassane for alt det er verdt. – Vi har sett i gong data- og mattekurs for ei havbruksbedrift her i kommunen, seier Reistad.

Fleire av dei tilsette har fagbrev, men har behov for å auke den grunnleggjande datakunnskapen, slik at dei kan gå vidare til meir avansert datakurs. – Det held ikkje å kunne sende e-post, når du har ansvar for avansert overvåkningsdata. Matte er også helt grunnleggjande i jobben, og gjengen her er veldig motiverte, seier Reistad. Sjølv om mange har fagbrev, så opplever dei at dette kurset har gjort dei flinkare i jobben.

– Vi er også i tankestadiet på andre samarbeidspartnarar, som for eksempel landbruksorganisasjonar. Utfordringa blir å arbeide med sjølvstendige einingar og det vil nok krevje ein annan type kurs, seier Reistad.

Søk BKA-midler

Vox lyser ut midler til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter. Les meir om BKA-midlar her