Motiverte 200 ansatte til kurs

Sida 2008 har meir enn 200 tilsett ved Sykehuset i Vestfold (SIV) vore på kurs i lesing, skriving, rekning og data. Kursing i arbeidstida har vore avgjerande for motivasjonen, meiner prosjektleiar Hanne Torgersen ved Folkeuniversitetet.

Kontortilsette, reinhaldarar, matvertar og kantinepersonale har fått tilbod om å betre basiskunnskapane på kurs finansiert av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA).

Kurset i arbeidstida

SIV har fått nærmare to millionar kroner frå BKA, og sjukehuset støtta opplegget ved å leggje delar av undervisninga i arbeidstida.

– Når arbeidsgivar legg til rette for kursing i arbeidstida får dei tilsette ein godkjenning for at dei er viktige for verksemda, meiner prosjektleiar Torgersen.

Ho peike på at også at nokre har opparbeidt seg kunnskap og sjølvtillit nok til å jobbe vidare mot fagbrev innan felta sine.

Sosial suksess

Kursa viste seg å gi positivt utslag på arbeidsmiljøet.

– Det blei ein gjensidig sosial greie, dei tilsette hjelpte kvarandre med å få komme seg på kurs og bytte arbeidstid seg imellom. Dei blei kjende på ein heilt ny måte og fekk nok kjensla av å vere ein del av eit større team, seier Torgersen.

Ho trur fleire blei motivert til å melde seg på kurs da dei så den sosiale effekten dei hadde.

Tryggare på data

– Eg var usikker på data. Det ville eg gjere noko med, derfor melde eg meg på, seier seksjonsleiar for personalkafeen ved SIV, Marit Hasås.

– Og kurset har vore bra. Eg er tryggare på datamaskinen og jobbar meir effektivt og rasjonelt no.

Ho vil anbefale andre å gå på datakurs om dei får sjansen.

Nedgang i sjukefråværet

– MangMarit Hasås har blitt tryggere på data. Her får hun hjelp av datalærer Anne Widerøe.e av dei som manglar basiskompetanse har negative erfaringar med skole og læringssituasjonar. Derfor er det viktig at kursdeltakaren opplever både nytte og meistring, seier Torgersen.

Ho er storfornøgd med dei gode resultata ved SIV.

– Sjukefråværet har gått ned, og eg ser ikkje bort ifrå at dette kan komme av at dei tilsette lærte å ta meir ansvar for kvarandre, blei eit team, blei sett av arbeidsgivar og følte seg prioriterte. Ved å tilby kurs til desse gruppene viser vi at alle er viktige i ein organisasjon som sjukehuset.

Vox lyser ut midlar til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter. Les meir om BKA-midlar her