Kombinerer BKA-kurs og fagbrevopplæring

Hos Bakers i Larvik er bedrifta klasserommet når ti tilsett styrkjer basisferdigheitene sine. Slik leggjer dei grunnlaget for fagbreveksamen.

Cecilie Borgen

– Gevinsten for bedrifta er at vi blir meir effektive, jobbar meir sjølvstendige og gjer mindre feil, seier Cecilie Borgen, tillitsvald og kursdeltakar. Mitt mål er å sitje igjen med eit fagbrev og ha noko å vise til. Det har eg ønskt lenge.

Basiskompetanse og fagopplæring hand i hand

Kursdeltakarane får 130 timar opplæring i lesing, skriving, rekning og data samtidig som dei får 160 undervisningstimar i industriell matproduksjon. Kursstart var i januar i år, og første fagbreveksamen er 15. desember.

Målet med opplæringa er å få til ein sømlaus overgang frå auka basisferdigheter til fagrelaterte oppgåver. Deler av kurset er på arbeidsplassen og oppgåvene er knytt til det deltakarane jobbar med til kvardags.

Trenar ferdigheiter

– Vi brukarar Its learning som plattform. Her leverer deltakarane oppgåver som er ein del av fagbrevet og knytt til jobben sin. På denne måten så får dei både trena seg på å skrive, bruke digitale medium, og lest og skrivne i faget, fortel Hans Ole Dyrseth, som er ansvarleg for koordineringa av BKA-kurset og fagopplæringa.

Bilde av Hans Ole Dyrseth med hjelmBakers har henta inn ein kokk med lærarutdanning i matfag slik at deltakarane får lese- og skrivetrening med utgangspunkt i faget sitt.

– Det er veldig morosamt, men også tungt, skal eg vere ærleg. Det du kjenner godt igjen frå jobben er lettast. Det er mye eigeninnsats, for i tillegg til undervisninga så må vi lese ein del heime, seier Borgen.

 

Individuell oppfølging

Kvar deltakar blir følgd opp med samtalar om kvar dei er i læringsprosessen.

– Det er viktig for motivasjonen å trekkje fram kva framsteg dei gjer, for det er alltid framsteg å vise til, seier Dyrseth. Så langt i kurset ser vi tydeleg at deltakarane ikkje berre utviklar ein ny kompetanse, men også ei ny tru på seg sjølv.

Søk BKA-midlar

Vox lyser ut midlar til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter. Les meir om BKA-midlar her