Faglege møteplassar om karriererettleiing

Nasjonal eining for karriererettleiing har i oppgåve å utvikle kvaliteten og profesjonaliteten i karriererettleiingstenestene. Som eit viktig ledd i arbeidet organiserer eininga faglege møteplassar, både for dei fylkesvise karrieresentera og for karriererettleiarar i alle sektorar.

Fagsamling for dei fylkesvise karrieresentera

Fagsamlinga finn stad i november kvart år, og er for alle tilsett ved dei fylkesvise karrieresentera, som er oppretta gjennom Partnerskap for karriererettleiing. Partnarskapskoordinatorane i fylka er også inviterte.

Formålet med fagsamlinga er:

  • Kompetanseheving av dei tilsette
  • Vidareutvikling av karrieresentera gjennom erfaringsdeling og formidling av ny kunnskap
  • Samarbeid og koordinering gjennom nettverksbygging og erfaringsdeling

Samlinga inneheld faglege foredrag med innleiarar frå inn- og utland, interaktive sesjonar og workshops med presentasjon og diskusjon av erfaringar frå lokale karrieresentre. Fagsamlinga blir planlagd og gjennomført av ein programkomité med representantar frå eitt eller flere fylke. Kompetanse Noreg leiar komitéen. Kontaktperson er Gry Bakke.

Leiarnettverk for dei fylkesvise karrieresentera

To gongar årleg møtest leiarane for dei fylkesvise karrieresentera i eit fagleg nettverk. Nettverket blir leia av to karrieresenterleiarar, som blir vald av nettverket for eitt år av gongen. Mål for leiarnettverket er erfaringsdeling og støtte til arbeidet lokalt:

  • Dele gode erfaringar og faglege opplegg
  • Finne gode løysingar på felles faglege utfordringar
  • Føre til profesjonalisering og utvikling av tenestene
  • Diskutere gode grep for lokalt og regionalt samarbeid om karriererettleiing
  • Dyktiggjere senterleiarane i rolla som leiarar for profesjonelle karriererettleiingstilbod
  • Drøfte problemstillingar ut frå eit nasjonalt perspektiv

Kompetanse Noreg si rolle i nettverket er:

  • Fagleg og administrativ støtte, bidra med informasjon og perspektiv frå ein nasjonal ståstad
  • Referent

Nettverket har inga rolle i den formelle dialogen mellom Kompetanse Noreg og fylkeskommunane/partnarskapa. Det fattast ikkje formelle, forpliktande avgjerder av nettverket. Kontaktperson er Gry Bakke.

Veilederforum.no

I samarbeid med Senter for IKT i utdanningen og Utdanningsdirektoratet etablerte Kompetanse Noreg høsten 2013 nettsida Veilederforum.no. Hovedmålgruppa til Veilederforum.no er karriererettleiarar på fylkesvise karrieresentre, karriererettleiearar i universitets- og høgskolesektoren, og utdannings- og yrkesrådgivarar i skolen. Alle som jobbar med karriererettleiing kan imidlertid finne relevant fagstoff på sidene.

Veilederforum.no skal: 

  • gi auka kvalitet og profesjonalitet i karriererettleiing
  • føre til likeverdig karriererettleiingstilbod i fylka
  • gi auka tilgang til karriererettleiing for alle målgrupper

Kompetanse Noreg og Senter for ikt i utdanningen sitter i ein felles redaksjon som samarbeider om utvikling av innhaldet. Det er også etablert eit redaksjonsråd som blir leidd av Senter for ikt i utdanningen. I rådet sitt:

  • Rådgivarforum Noreg
  • dei fylkesvise karrieresentera
  • karriererettleiarutdanningane
  • IMDi
  • Karriereforum i høgare utdanning
  • rådgivarkoordinatorane i fylkeskommunane
  • Utdanningsdirektoratet
  • utdanning.no.
  • Nasjonal eining for karriererettleiing i Kompetanse Noreg

Kontaktperson i Kompetanse Noreg er Kristin Midttun.

Andre møteplasser

Nasjonalt forum for karriererettleiing

Nasjonal koordineringsgruppe for karriererettleiing