Regelverk

Regelverk som er aktuelt for karriererettleiingsfeltet:

Elever

Elever i vidaregåande skole har rett til utdannings- og yrkesrådgiving. Formålet er å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte i utdannings- og yrkesplanlegging. Eleven har rett til rådgiving og informasjon om:

  • val av yrke og utdanning
  • utdanningsvegar
  • yrkesområde og arbeidsmarknaden
  • rettleiingsverktøy, søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • jobbsøking og søknadsprosedyrar

Sjå opplæringslova § 9-2 og forskrift til opplæringslova § 22-3

Ungdom

Ungdom opp til 21 år som ikkje er i utdanning eller arbeid skal få individuell oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Fylkeskommunen har ansvaret for å opprette oppfølgingstenesta og etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa. Sjå opplæringslova § 3-6 og forskrift til opplæringslova § 13-3

Vaksne

Vaksne med rett til opplæring etter §§ 4A-1 og 4A-2 har rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod den vaksen har behov for. Sje opplæringslova § 4A-8

Rådgivar sin kompetanse

Anbefalingar om rådgivarane sin kompetanse er utforma av Utdanningsdirektoratet. Anbefalingane skal vere ei hjelp for skoleeigar og skoleleiar ved tilsetjinga av rådgivarar og i samband med rådgivar si kompetanseutvikling. Dei seier noko om kva formell utdanning, kunnskapar, haldingar og ferdigheiter ein rådgivar bør ha. Sjå Anbefalt formell kompetanse og rettleiande kompetansekriterier for rådgivarar