Nasjonalt forum for karriererettleiing skal gi sentrale aktørar moglegheit til å drøfte status, utvikling og problemstillingar på karriererettleiingsfeltet.
Om forumet
Forumet skal tileigne seg aktuell kunnskap og informasjon og gi innspel til Nasjonal eining for karriererettleiing sitt arbeid. Tema for møta vil vere aktuelle tiltak og problemstillingar som eininga arbeider med, relevante undersøkingar, faglege tema og tema medlemmane i forumet ønskjer å lyfte fram.
Forumet speglar representasjonen i dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing: styresmakter, interesseorganisasjonar og tilbydarar. Det består i dag av representantar for 28 ulike organisasjonar/aktørar. Medlemmane i forumet blir forventa å bringe problemstillingane som blir drøfte i forumet vidare til medlemmane sine og ta med innspel og aktuelle spørsmål tilbake.
Nasjonalt forum for karriererettleiing har vanlegvis to møte i året. Kvar organisasjon/aktør deltek med ein representant på møta. Kommune- og fylkeskommunenivået har inntil tre representantar kvar, valt av KS Direktør i Kompetanse Noreg leier forumet.
Har du innspel til problemstillingar du meiner forumet bør diskutere? Kontakt din representant blant medlemmane i forumet eller sende ein e-post til ingjerd.gaarder@kompetansenorge.no