Bruk av heftet

Kvardagsmatte er først og fremst skriven for bruk i ein undervisningssituasjon, men kan også brukast til sjølvstudium eller repetisjon på eigehand.

Oppgåvene er markert etter nivåa i Kompetansemålene for kvardagsmatematikk med høvesvis ein, to eller tre stjerner. Nokre oppgåver er mellom to nivå og er markert med for eksempel (*/**).

Del 1 legg vekt på grunnleggjande reknedugleikar. Dei andre kapitla tek opp ulike praktiske problemstillingar. Heftet inneheld faktastoff, rekneoppgåver og nokre diskusjonsoppgåver. Under Ressurser finn du fasit, ordliste, «Jeg kan»-utsegn og hjelpemiddel som blant anna Norgeskart og gongetabell.

Kartlegging ved hjelp av «Eg kan»-utsegn gir informasjon om kva deltakarane kan, og er eit utgangspunkt for vidare opplæring. Ved ny kartlegging er det enkelt å synleggjere framsteg hos den enkelte. Samtidig gir den deltakaren innsikt i eiga læring.

Del 1 kan gjennomgåast helt eller delvis før resten av heftet, avhengig av deltakarane sine forkunnskapar. For dei fleste anbefaler vi å veksle mellom del 1 og dei andre kapitla. Heile heftet og dei ulike kapitla har stigande progresjon. Det kan vere tilrådeleg å samkjøre temaa i heftet med anna undervisning når det er mogeleg.

Vi har brukt enkle tal i eksempel og oppgåver, og lagd meir vekt på forståing av rekneartane og enkel hovudrekning enn på bruken av algoritmar. Likevel kan det vere ein fordel å bruke lommereknar i enkelte oppgåver. Det er forholdsvis få oppgåver til kvart emne. Avhengig av deltakargruppa kan det vere lagleg å lage fleire oppgåver av tilsvarande typar og nivå.

Heftet er skrive i eit lettfatteleg språk. Eit gjennomgåande prinsipp er at samansette ord er delt ved ordgrense og der deltakarane kan kjenne orda kvar for seg (gonge-tabell), men ikkje elles (inntekt). Orda er ikkje delte i overskriftene.