Personvern

Denne personvernerklæringa omfattar måten Kompetanse Noreg samlar inn og bruker informasjon om dei som besøkjer www.kompetansenoreg.no.

Logging av brukarvanar gir ei betre og meir moderne brukaroppleving, eksempelvis gjennom kanalval, passande tekstar og bilete, nyheitsbrev og så vidare. Djup innsikt i bruken av tenestene våre hjelper til evaluering og kontinuerlege forbetringar, eksempelvis kva innhald som er populært til ei kvar tid.

Heile nettstaden er kryptert for å verne deg og informasjonen din.

Webanalyse

Vi samlar inn opplysningar om besøkjarar på kompetansenoreg.no for å forbetre og vidareutvikle nettstaden vår. Statistikken gir oss blant anna svar på

  • kor mange som besøkjer ulike sider
  • kor lenge besøket varer
  • kva nettstader dei besøkjande kjem frå
  • kva nettlesarar våre besøkjarar bruker

Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Avidentifisert form betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte gjesten.

Vi bruker Webtrends som statistikkverktøy på kompetansenoreg.no. Dette er installert på ein eigen servar hos leverandøren. Verktøyet er sett opp slik at cookies ikkje blir nytta. Vi respekterer også innstillingar for «Do Not Track» i dei besøkjande sin nettlesar (gjeld headerne X-Do-Not-Track og DNT). Funksjonen for Do Not Track er inkludert i dei fleste nye nettlesarar. Den kan alternativt leggjast inn av brukaren sjølv.

Webtrends leverer ein betalt teneste som dannar grunnlaget for alle Webtrends webanalysene Arena Data leverer. Denne tenesta er dekt av ein databehandlaravtale mellom Kompetanse Noreg og Arena Data. Avtalen sikrar Kompetanse Noreg eigarskap til alle data. Det betyr at dei dataa som blir samla inn ikkje brukte til anna enn webanalysen vår. Ingen andre har tilgang til dataa.

Les meir om personvern hos Webtrends (engelsk)

Cookies

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din når du lastar ned ei nettside. Vi bruker ikkje cookies til å generere statistikk og vi kan dermed ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkelperson.

Følgjande cookies blir brukt på kompetansenorge.no:

ASP.NET_SessionId (Eksempel på verdi: l05aucudkhggfv45dd2l3g55)

Denne cookien blir brukt for at publiseringsløysinga vår (EPiServer) skal fungere. Cookien blir fjerna frå datamaskinen når du lukkar nettlesaren. Nettstaden fungerer sjølv om du slår av cookies i nettlesaren din.

Ansvar

Behandlingsansvarleg: Kompetanse Noreg
Databehandlar: Kompetanse Noreg og Arena Data AS
Leverandør av statistikkverktøy: Arena Data AS

Kompetanse Noreg er ansvarleg for innhenting og bruk av personopplysningar som blir gjord i samband med drift og vedlikehald av kompetansenoreg.no. Vi bruker EPiServer som publiseringsverktøy med Find som søkjemotor og Webtrends som statistikkverktøy.

Opplysningar som blir samla inn om dei som besøkjer kompetansenoreg.no. blir lagra på eigne servere som blir drifta av leverandøren. Det er berre vi og Arena Data som har tilgang til opplysningane som blir samla inn. Ein eigen avtale mellom oss og Arena Data regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast. Noko av databehandlinga kan gjerast i utlandet.

Søk

Kompetanse Noreg lagrar informasjon om kva søkjeord gjestane våre bruker. Formålet med dette er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Vi kan blant anna finne ut kva søkjeord som gir treff og kva søkjeresultat som blir klikka på.

Bruksmønsteret for søk blir lagra i ein eigen database, og dei blir berre lagra i aggregert form (avidentifisert). Det er berre søkjeorda som blir lagra og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om besøkjarane eller til IP-adressene.

Vi bruker søkjeverktøyet Find på kompetansenoreg.no.

Del-/tips- og kommentartenesta på nettsida

Vår delingsteneste kan brukast til å vidaresende tips eller dele artiklar. Opplysningar om deling blir ikkje logga, men blir berre der og då brukt til å leggje inn tipset hos nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer dataa vidare blir regulerte av avtalen din med nettsamfunnet.

Om du bruker funksjonen til å sende lenkje via e-post, bruker vi berre e-postadressene du oppgjer til å sende meldinga vidare. E-postadressene blir ikkje lagra. Dette skjer automatisk.

Når du kommenterer enkeltsaker på kompetansenorge.no kjem meldinga di på med ein gong. Vi fjernar upassande innlegg.

«Fant du det du lette etter?» på nettsida

Vi er glade for å få tilbakemeldingar om du ikkje finn det du leiter etter. Vi kan ikkje finne ut kven du er og kan ikkje svare deg. Sjølv om nettsida er kryptert tilrår vi at du ikkje sender oss personsensitive opplysningar.

Skjema på nettsida

Av og til ber vi de fylle ut skjema på nettsida vår. Vi har rutinar for å slette alle data frå skjema så snart vi ikkje treng dei lenger. Lagringstida vil variere frå skjema til skjema.

Heile nettstaden er kryptert for at ingen skal kunne snappe opp dataa du fyller inn.

Nyheitsbrev

Du kan abonnere på nyheitsbrev for å motta e-post om dei forskjellige fagområda våre. Du må registrere namn og e-postadresse. Desse opplysningane blir lagra i ein eigen database. Vi bruker Apsis som verktøy for å sende og administrere nyheitsbreva.

Dine opplysningar blir sletta hos oss dersom du seier opp abonnementet.

Apsis har automatiske rutinar for viruskontroll både ved påmelding til og bruk av lista for å stoppe spam og virus.

Facebook, Twitter og Instagram

Dersom du følgjer oss på sosiale medium har du ein personleg avtale med dei om kva du vil sjå og korleis du vil ha oppdateringane.

E-post til Kompetanse Noreg

Vi lagrar opplysningar om deg når du sender oss e-post direkte. E-postspørsmålet blir motteke av postmottaket vårt som tek stilling til om den skal journalførast eller ikkje. Dersom den skal journalførast blir den overført til journalsystemet vårt før du får svar. Dersom den ikkje skal journalførast blir den send vidare til fagavdelingane våre så dei kan kontakte deg.

Vi gjer deg oppmerksam på følgjande:

Spørsmål du sender med e-post blir ikkje sendt kryptert. Vi oppmodar deg derfor om ikkje å sende opplysningar som er underlagt teieplikt, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post.

Kurssystemet

Alle som melder seg på kurs hos oss blir registrert i kurssystemet og kan sjå alle opplysningar om seg sjølv i min side-funksjonen. Alle kan endre sine eigne personlege opplysningar.

Liste over gjester

Alle som gjestar oss skriv seg inn i gjestingssystemet vårt. Vi treng å vite kven som er i bygget i tilfelle brann. Lista blir sletta kvart halvår – før sommarferien og før nyttår.

Kamera i porttelefon

Ved inngangspartiet på gateplan er det montert eit kamera som blir aktivert når ein ringjer på dørklokka. Biletet av inngangspartiet blir vist i sannetid og gjer ikkje opptak.

Fanbooster

Vi lagrar preferansar i samarbeid med Fanbooster for å sjå korleis nettsida samspelar med Facebook og spisse innhaldet i desse kanalane.

Databehandleravtalar

Vi jobbar kontinuerleg med å lage avtalar med alle samarbeidspartnarar og leverandørar som sikrar at dataa dine ikkje kjem på avveg eller blir brukte til noko anna enn det opphavlege formålet.

Rettar

Alle som spør har rett på grunnleggjande informasjon om behandlingar av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova sin § 18, 1. ledd. Dei som er registrerte i eit av systema våre har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkomande har også rett til å be om at urette, ufullstendige eller opplysningar vi ikkje har høve til å behandle blir retta, sletta eller supplert. Vi må svare på krav frå den registrerte kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar.

Personvernombod

Personvernombodet vårt kvalitetssikrar all datainnsamling vi gjer. Les meir om personvernombodet si rolle hos Datatilsynet. Hos oss er Lana Vågenes personvernombod.