Internasjonalt samarbeid

Kompetanse Noreg meiner at vaksne si læring i Noreg blir styrkt gjennom internasjonalt samarbeid og erfaringsutveksling med andre europeiske land.

Nasjonal koordinator

Vaksne si læring

Kompetanse Noreg er nasjonal koordinator for vaksne si læring inn mot EU. Rolla som nasjonal koordinator inneber å representere feltet vaksne si læring, både overfor EU-kommisjonen og andre medlemsland. Bakgrunnen for utnevninga til kommisjonen av nasjonale koordinatorar er EU-rådet sin Resolusjon om en fornyet agenda for vaksne si læring som blei vedteken i 2011. Resolusjonen inneheld målsetjingar for kor vaksenopplæringa skal vere seg i år 2020 og byggjer på EU sin strategi for vekst og sysselsetjing – Europa 2020 (pdf). Ei av hovudoppgåvene til dei nasjonale koordinatorane er å leggje til rette for implementeringa av den nye agendaen. Koordinatorane møtest med jamne mellomrom og nettverket fungerer også som ein møtearena for politisk utvikling på feltet vaksne si læring.

EPALE

Kompetanse Noreg er nasjonal koordinator for den europeiske fagportalen EPALE – Electronic Platform Adult Learning Europe.

I praksis inneber det å gjere relevant fagstoff frå det norske miljøet tilgjengeleg på EPALE, hente heim informasjon om beste praksis frå europeisk vaksenopplæring, og i tillegg mobilisere fagmiljøet vårt til å delta i debatten som skjer på denne elektroniske arenaen. Du kan sende tips og idéar på e-post til epale@kompetansenorge.no

Sjå EPALEs portal og register deg her

Du kan delta i EPALEs debattar på Twitter og Facebook.

Nettverk

Kompetanse Noreg er aktivt engasjert i EU kommisjonen sitt arbeid med politikkutforming for vaksne si læring. Vi koordinerer og deltek i internasjonale nettverk og forsking på fagområda grunnleggjande ferdigheiter, realkompetanse, karriererettleiing og integrering av innvandrarar. Vi er opptekne av å framme kunnskapsdeling mellom norske og europeiske utviklingsmiljø. Vi hjelper til å spre resultat og auke deltakinga frå Noreg i europeiske prosjekt som relaterer seg til læring i arbeidslivet.

NVL

Kompetanse Noreg er vertskapsinstitusjon for Nordiskt Nätverk för Vuxnas Lärande (NVL) i perioden 2016 til 2020. I NVL deltek Kompetanse Noreg i faglege nettverk og prosjekt og koordinerer Alfarådet (the Alfa Council). Alfarådet samlar representantar frå nasjonale og lokale organisasjonar i Norden og arbeider med alfabetisering.

EBSN

Kompetanse Noreg er initiativtaker til European Basic Skills Network (EBSN), eit nettverk som hjelper med kunnskap og anbefalingar til europeisk politikkutforming for å heve vaksne sine grunnleggjande ferdigheiter.

ELGPN

Kompetanse Noreg er også nasjonal koordinator for European Lifelong Guidance Policy Network (ELGPN) som er eit nettverk som jobbar med å fremme utviklinga av politikk og system for karriererettleiing i eit livslangt perspektiv gjennom europeisk samarbeid.

ELINET

Med mål om å redusere antall barn, ungdom og voksne med lave lese- og skriveferdigheter, har fagfolk i 28 europeiske land slått seg sammen i prosjektnettverket ELINET. Kompetanse Noreg er norsk partner i nettverket som ble etablert i 2014.

Alt de utvikler av materiell vil bli publisert på www.eli-net.eu, og kan gratis benyttes av alle som er involvert i arbeid for å styrke lese- og skriveferdighetene i befolkningen.

EURYDICE

Eurydice er eit europeisk nettverk som systematiserer og formidlar kunnskap om utdanningssystema i Europa. Kompetanse Noreg har ansvar for å bidra med kunnskap om vaksnes læring til Eurydice.

Rapporten Adult Education and Training in Europe: Widening Access to Learning Opportunities gir eit samla oversyn over kva for læringsvilkår vaksne har i dei ulike landa i Europa.

Kompetanse Noreg deltek også i disse nettverka:

EAEA – European Association for Adult Education

EDEN – European Distance and E-Learning Network

EALTA – European Association for Language Testing and Assessment

ALTE – Association of Language Testers in Europe 

Prosjekt

Kompetanse Noreg deltek i utvalde prosjekt, først og fremst på policy nivå, innan EU-programma.

VISKA-prosjektet

Kompetanse Norge har ansvar for å koordinere Erasmus+ prosjektet VISKA(Visible Skills of Adults).

VISKA har partnere fra tre andre land; Island, Irland og Belgia. Alle partnerlandene vil prøve ut realkompetansevurdering i praksis for ulike grupper, og det skal gjøres forskning på denne utprøvingen.

I den norske delen av prosjektet er målsettingen å synliggjøre og vurdere realkompetansen til beboere i integreringsmottak for å bidra til kortere vei ut i utdanning eller arbeid, og raskere integrering. Prosjektet er treårig, fra våren 2017 til våren 2020.

Meld deg på nyhetsbrevet her.

EØS-midlar 

EØS-midlane er Noreg sitt bidrag til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa. Finansieringsordninga er samtidig med på å styrkje relasjonane og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda (sjå www.eeagrants.org). Kompetanse Noreg deltek på programnivå i Ungarn, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, og deltek elles som partner i nokre utvalde prosjekt i samarbeid med utdanningsmyndigheiter i mottakarlanda.

Kontakt